Pressesenter
Presseteneste i samband med NM-runden på Vikedal Motorbane laurdag 19. juni.
I samband med den tredje NM-runden i rallycross på Vikedal Motorbane 19. juni ønskjer me å gi eit best mogeleg tilbod til presse og media. Det vil bli etablert eit pressesenter under stemnet som vil vere ope frå fredag 18. juni kl 15.00. Dersom det er nokon som har behov ut over dette kan de ta kontakt.
Nettsida vår www.nmk-vikedal.net vil bli brukt aktivt framover for å informere presse, førarar og publikum om korleis me ligg an før stemnet. Her vil de finne kontaktpersonar, tidsplan, reglar for stemnet og oppdaterte startlister etter kvart som førarane melder seg på.
I samarbeid med Team Supernasjonal vil det bli sendt ut pressemeldingar både før og etter stemnet.
For å få ein oversikt over kor mange som kjem frå presse og media, ber me om ei tilbakemelding om kven og kor mange som kjem frå Dykkar firma, og også litt om kva behov de vil ha under stemnet.
Slik tilbakemelding gir de til:
Pressekontakt: Sivert Ole Holten tlf. 905 47 433 eller sivert.ole(a)holtenmedia.no
På Vikedal Motorbane må alle som er inne på baneområdet ha på seg gul refleksvest. Ber om at dei som har slik tar denne med til stemnet.
Velkommen til rallycross på Vikedal Motorbane !
Med helsing
NMK Vikedal
Dag Lygre
Pressesjef
dag(a)lygre.net
