Fem i A-finalen
22. juni, 2010
Sveinung Holten Leifsen, Daniel Holten, Bjørn Magne Moland Enge, Kenneth Johansen og Ernst Holten Leifsen var alle i A-finale. Geir Harald Skeie var hundredelar unna det gjeve selskap.
NMK Vikedal har så langt i år hatt seks førarar som har køyrt NM, på Vikedal Motorbane stilte Ørjan Strand Eikeland og Sveinung Holten Leifsen i tillegg.
For Sveinung Holten Leifsen gjekk det heilt til topps i juniorklassen
-Målet var å få køyrd alle omgangane og finale, og når du då greier å nå heilt til topps under ein NM-runde på heimebane er det stort, sa Sveinung på pressekonferansen etter løpet.
For Ørjan Strand Eikeland gjekk dette berre betre og betre, og i C-finalen var han med i kampen om ein plass i B-finalen. Alle kunne sjå at Ørjan var i ferd med å få dreis på køyringa.
-Det var i B-finalen eg fekk det best til, seier Ørjan, som syns det var moro med rallycross.
-Ingen spesielle problem med overgangen frå bilcross, og eg syns det gjekk greitt.
Bjørn Magne Moland Enge og Geir Harald Skeie var begge i B-finale, og utover i finalen skulle det vise seg at det var desse to som skulle kome til å kjempe om den siste plassen i A. Bjørn Magne drog hadde marginen på si side, og slo Geir Harald på målstreken. For Bjørn Magne Moland Enge var målet ein A-finale.
-Nådde målet og var til slutt ein plass unna pallen, så for meg var dette heilt topp.
Bjørn Magne Moland Enge ligg no på sjetteplass i NM med 30, poeng eitt poeng bak Herbjørn Haug.
Geir Harald Skeie som var raskast av alle på treninga fredag, var også godt med utover på lørdagen, og hadde ei sjette og sjuande tid i dei to første omgangane.
I tredje var han innblanda i ein smell og det såg stygt ut for finalekøyring.
-Eg fekk god hjelp og fekk bilen klar igjen til finalen, men med feil støytdempar mellom anna, blei den ikkje like god å køyre, seier han, som berre måtte akseptere at Bjørn Magne tok A-finaleplassen. Skryt for arrangementet fekk han av mange.
-Eg snakka med mange førarar om det, og dei var samstemt positive.
To i A-finalen
I toliterklassen måtte Per Magne Flatebø gi seg etter treninga på fredag.
-Trudde det var toppakninga, og tar bilen inn til Ivar Finnvik, sa Per Magne etter treninga.
Det viste seg å vere verre.
-Me fann eit par knekte ventilar i den eine sylinderen og kunne ikkje gjere meir med motoren til i dag, kunne Ivar Finnvik melde laurdags morgon.
I toliterklassen stod Ernst Holten Leifsen og Kenneth Johansen i dei to beste startspora i B-finalen, gjekk rett i tet, blei der og begge kom seg vidare til A.
Ernst Holten Leifsen måtte gi seg med girkasseproblemer.
-Den stod berre å hakka mellom to gir og eg måtte stoppe.
Kenneth Johansen, som fekk motorproblem på Lyngås, opplevde dette igjen.
- Motoren blei for varm og eg måtte berre stoppe, og det er nok eit motorras igjen, seier han, som likevel var nøgd med det han greidde.
-A-finale var målet og det gjekk.
Ernst Holten Leifsen held tredjeplassen i samandraget, medan Kenneth Johansen no er oppe på ein sjette plass.
Bra arrangement
Det var tidleg klart at Daniel Holten kom til å nå målet sitt om ein A-finale på Vikedal Motorbane. Det var han og Andreas Bakkerud som kjempa om dei beste tidene. Andreas Bakkerud vann dei to første omgangane, mens Daniel Holten tok den tredje. Finalen var det Andreas Bakkerud som leia, heilt til siste sving, då han vart passert av Daniel. Daniel Holten var nøgd.
-Veldig stort for meg dette å vinne dette løpet på heimebane.
Andreas Bakkerud gav ros til arrangøren.
-Har køyrd mange EM-rundar og dette er fullt på høgde med dei.
Daniel Holten er no åleine på toppen i NM og har fått fem poeng på Tommy Tesdal som er nummer to.
