Alle i A – Daniel og Sveinung til topps

22. juni, 2010

Alle tre førarane i Holten Motorsport nådde måla sine i helga og køyrde A-finalen. Ernst Holten Leifsen enda til slutt på ein sjetteplass, medan Daniel Holten og Sveinung Holten Leifsen gjekk heilt til topps.

For Sveinung Holten Leifsen, som køyrte i juniorklassen,  verka det dramatisk då han måtte stoppe i første omgang, etter at eine hjulet trilla av garde.

-Alle hjulboltane knakk, men me fiksa det greitt og kom i gong igjen, seier han
Sveinung sette deretter to bestetider og var klar for pole position i A-finalen, der gjekk i tet og blei der. Han var sjølvsagt nøgd.
-Har ikkje køyrt noko særleg i år, og det var stort for meg dette å vinne på heimebane under ein NM-runde.

For Ernst Holten Leifsen starta det svært godt i første omgang med ei tredjetid. I andre måtte han stoppe, men tok seg opp i til depot for eigen maskin.

-Går berre på tre sylindrar, men dei jobbar med det nå, var Ernst sin kommentar til dette.

Han var klar igjen til tredje og sette ei fjerdetid. I finalen var det girkassen som krangla.

-Den stod berre å knurra mellom to gir og eg måtte gi meg.
Daniel hadde ei bestetid og to andretider i innleiande og var klar for andresporet. I bestesporet stod Andreas Bakkerud, klassekamerat og EM-køyrar, som køyrde sitt første løp på norsk jord denne sesongen. Daniel tok han i siste sving, då Andreas var utom alternativsporet.
-Hadde sett meg som mål å kome meg til ein A-finale, og at eg skulle gå heilt til topps på heimebane med så mykje folk rundt banen er stort for meg, sa Daniel på pressekonferansen etter løpet.