Me kom vidare
20. juni, 2010
Ei av satsingane til NMK Vikedal under NM- runden på Vikedal Motorbane i helga var å teste ut om me kunne få til ei meir oppdatert og tidsriktig presse- og mediateneste. Me kom eit steg vidare. Her ser me f.v. Hans Anders Brænden, Stian Haugan, Rune Engelsvoll, Terje Morstad, Tommy Sølvberg, Sveinung Holten Leifsen, Andreas Bakkerud, Daniel Holten og Sindre Backe samla i pressesenteret etter stemnet.
Me hadde eit opplegg for førarane både før og etter stemnet, og dei stilte opp, og tilbakemeldingane me fekk på dette er gode. I tillegg hadde pressesenteret ansvaret for inviterte gjester, med mellom anna president i Noregs Bilsportforbund Roar Forgård og ordførar i Vindafjord kommune Arne Bergsvåg på gjestelista.
Tilbakemeldingane frå gjestene våre var også gode.
Under stemnet prøvde me så godt me kunne å oppdatere ei nettside som var etablert i samband med dette løpet. Både med live oppdatering resultater, live web-kamera, bilder , intervjuer og reportasjar. Me lærte masse om dette og kom vidare på eit område NMK Vikedal ikkje har jobba med før, og ser at her er det heilt klart meir å hente.
Underskrivne er den i løpskomiteen som har hatt ansvaret for å førebu dette arbeidet, og eg ønskjer å takke dei som var med på dette for ein formidabel og positiv innsats.
Dag Lygre, pressesjef, Mona Knutsen, sekretær, Tone Nygård, servering, Kjetil Gilje, teknisk, Jarl André Holten Leifsen, web, Jan Nordtveit, fotograf, Ola Skipevåg, fotograf, Rune Johannesen, fotograf og Knut Stølsmark, fotograf.
Med helsing
Sivert Ole Holten Medlem i løpskomiteen og pressekontakt
