Masse folk på Vikedal Motorbane

19. juni, 2010

dsc_4734Folk strøymde til Vikedal Motorbane i det fine sommarveret, og når stemnet no går mot slutten kan arrangøren melde om rundt 2000 betalande.

-Det er dette me hadde håpa på sjølv om me hadde eit budsjett på 1000 betalande, seier Glenn Olav Lothe, og legg til at dette er viktig for klubben.  -Me har investert rundt to millionar kroner før dette løpet, så dei ekstra pengene dette gir kjem vel med.