Kategoriarkiv: NMK Vikedal Cup

Ørjan Strand Eikeland-Volvo 240

Godt nøgd

Ørjan Strand Eikeland gjekk til topps i store nasjonal under Todagarscrossen på Vikedal Motorbane og er sjølvsagt godt nøgd med det.

-Bilen fungerte knirkefritt gjennom heile helga, utanom i ein omgang då ei styrekule gjekk, og eg måtte stoppe utan styring på bilen, seier Ørjan Strand Eikeland, og legg til at meknikerane hans fiksa dette fort og han var klar igjen til neste omgang.
Ørjan hadde bestetida etter lørdagens køyring og det beste startsporet i A-finalen.
-Også i finalen fekk eg kontroll ut frå start og leia den frå start til mål.
No ser han frem til neste runde i Norgescupen.
-Det blir pause og sommarferie no fram til neste runde i Norgescupen som går i august.