Kategoriarkiv: Rønnevik Racing

Joakim - VW Golf - Foto Rune Johannesen

Opp på pallen

Joakim Rønnevik var raskast av alle i dei innleiande omgangane, og vart til slutt nummer tre under i juniorklassen under NM-runden i rallycross i Skien. Foto: Rune Johannesen 


Joakim Rønnevik følte at han alt på treninga hadde god flyt i sin Golf, og dette skulle vise seg å halde fram utover i stemnet. To omgangar vart køyrde på laurdag, og Joakim var med frå start.
-Fekk andre tida i første omgang, og gjekk heilt til topps i andre, og var godt nøgd etter laurdagens køyring, seier Joakim, som dermed kunne gjere seg klar til siste omgang og A-finale på søndag.
-Då eg greidde beste tida i tredje omgang,hadde eg og sikra meg bestesporet i A-finalen, og då kunne det ikkje bli betre etter innleiande.
Starten i A-finalen var ikkje hundre prosent.
-Var litt for treg der, men gjekk tidleg inn i alternativsporet bak Joachim Hvaal og låg der gjennom heile finalen, og blei nummer tre bak han og Hans Anders Brænden som vann løpet, seier Joakim Rønnevik, som er godt nøgd med resultatet.
-Det var pallen som var målet før helga og då må det berre vere bra.

No er det berre finalen igjen i rallycross junior cup, som går på Gardermoen Motorpark,  14. – 16. september. Joakim Rønnevik ligg uoffisielt på fjerde plass og har fem poeng å hente inn på Hans Anders Brænden i kampen om bronsemedaljen.