Kategoriarkiv: Norgescup rallycross

Eikeland Lyngås 9

Femte plass

Ørjan Strand Eikeland enda på ein femte plass under Norgescuprunden på Finnskogbanen på Flisa i helga. Foto: Rune Johannesen

Etter innleiande var han kvalifisert til andresporet i B-finalen som han vann.
-Dermad var eg klar for femtesporet i A-finalen der eg fekk ein god start og var oppe i leiing, men det gjekk dårlegare utover i omgangen og til slutt hamna eg på ein femte plass, seier Ørjan, som likevel er godt nøgd med dette.
-Bilen fungerte heilt perfekt gjennom heile helga, og bortsett frå litt plastikkskader er den like heil.