Kategoriarkiv: Eikeland Motorsport

Ørjan Strand Eikeland-Volvo 240

Godt nøgd

Ørjan Strand Eikeland gjekk til topps i store nasjonal under Todagarscrossen på Vikedal Motorbane og er sjølvsagt godt nøgd med det.

-Bilen fungerte knirkefritt gjennom heile helga, utanom i ein omgang då ei styrekule gjekk, og eg måtte stoppe utan styring på bilen, seier Ørjan Strand Eikeland, og legg til at meknikerane hans fiksa dette fort og han var klar igjen til neste omgang.
Ørjan hadde bestetida etter lørdagens køyring og det beste startsporet i A-finalen.
-Også i finalen fekk eg kontroll ut frå start og leia den frå start til mål.
No ser han frem til neste runde i Norgescupen.
-Det blir pause og sommarferie no fram til neste runde i Norgescupen som går i august.

Eikeland 3

Tredjeplass i C

Ørjan Strand Eikeland greidde ikkje å kome seg vidare frå C-finalen og blei til slutt nummer tre i denne.

Ørjan Strand Eikeland har kvalifisert seg til bestesporet i C-finalen under Norgescuprunden på Lyngås.
Ei bra utgangspunkt etter innleiande meiner han.
-Bilen har fungert betre og betre, og eg har blitt kjend med banen i tillegg. Målet no er å koma høgare opp.

NMK Drammen
Startliste Lyngås Motorbane

Stillinga i Norgescupen
Rallycross nasjonal inntil 2400 kubikk
Rallycross nasjonal over 2400 kubikk