Kategoriarkiv: Crosskart

Bjørn Cato-ICR4  - foto holtenmedia

Taper fart

Bjørn Cato Aarekol enda på ein 17 plass i den femte NM-runden i crosskart som gjekk i Trysil i helga. Ingen finalekøyring denne gongen.

Det var ein smal og veldig teknisk bane som møtte Bjørn Cato Aarekol og teamet hans då dei kom til Trysil og Sæteråsen Motorsenter før helga.
Bjørn Cato Aarekol - Foto holtenmedia– Det er slike banar eg likar, så eg tenkte at det skulle passe meg bra, seier Bjørn Cato Aarekol, som likevel ikkje heilt greidde å få dei resultata han hadde sett føre seg. To sjetteplassar og ein femte plass si sine heat var status før finalane.
– Eg er nesten utan unntak raskast ut frå start, men taper utover på startstrekket. Me veit ikkje kva som gjere dette, men ser at det er ei av årsakene til at resultata uteblir.

Bjørn Cato Aarekol var einaste førar frå NMK Vikedal på dette løpet.

NM-finalen i crosskart går på Gjøvik laurdag 3. september.

Bjørn Cato Aarekol-2- foto holtenmedia

Første finale

Bjørn Cato Aarekol fekk endeleg med seg finalekøyringa og enda på ein 12. plass under den tredje NM-runden i crosskart som gjekk i Bø i Telemark i helga.

Etter to NM-rundar, der det både har vore tekniske og personlige feil, gjekk det mykje betre under den tredje NM-runden nå i helga,  og Bjørn Cato Aarekol kom seg endeleg til ein etterlengta finale.

– Karten fungerte og går bra, og eg føler også at eg får det betre til. Spesielt startane, som er viktige, fikk eg godt til denne gongen, seier Bjørn Cato, som etter tre innleiande omgangar kunne bokføre tre tredjeplassar i sine heat, noko som skulle vise seg å halde til ein B-finale.

– I B-finalen hadde eg på ny ein god start og kom ut som nummer to, noko som hadde halde til A-finale, men eg blei pressa ut i den andre svingen og fall ned til femte plass, og altså nummer 12 i løpet, forklarar han om dette, men er likevel nøgd.

– Nivået er høgt i 125 kubikk-klassen. Eg er i min første sesong i klassen, og dette er det beste resultatet eg har hatt så langt i NM. Finalekøyringa var viktig og no ser me at me nærmar oss A-finalen,  om me greier å halde fram slik og alt klaffar.

Også Hauk Hamre Hagen og Anders Strand deltok frå NMK Vikedal. Hauk Hamre Hagen kom ikkje til finale i 125 kubikk, mens Anders Strand var i B-finalen i 650 kubikk og blei til slutt nummer 16.