Daniel-Ford Fiesta-foto Rune Johannesen

Tok sølvet

Sjølv om han leia i NM-samandraget før A-finalen starta, blei det ei punktering som skulle setje ein stoppar for Daniel Holten i kampen om NM-gullet i rallycross.

– Dei to poenga eg var bak Sivert Svardal før NM-finalen i helga, hadde blitt til ei to poengs leiing då eg kunne køyre fram til andre spor i A-finalen, seier Daniel Holten, om det som var status før det heile skulle avgjerast.

– Eg hadde fått til jamne og gode løp i dei tre første innleiande omgangane med topp tre tider, og då eg til slutt vann den siste omgangen hadde eg det utgangspunktet før finalen som eg hadde håpa på.

Daniel Holten - foto holtenmediaI finalen gjekk det greitt for Daniel heilt til det kom ei punktering.
– Det var tett kamp i tre rundar,  med då punkteringa kom på venstre bakhjul, måtte eg berre ta det ro innover til mål til ein sjette plass. Alt i alt nøgd med løpet heilt til finalen, me hadde press på oss og måtte ta inn poeng, greidde det, men punkteringa øydela.

Dermed vart det Sivert Svardal, NMK Konsmo, som tok gullet medan Daniel måtte nøye seg med sølvmedaljen.

– Eit greitt resultat sesongen sett under eitt, me hadde litt problem i starten av sesongen, som gjorde at me tapte ein del poeng, forklarar Daniel Holten, som takkar alle som hjelper til.

– Takk til alle hjelper meg før, under og etter løp, og sponsorane mine som gjer det mogeleg å halde på med dette.

Meir info: Daniel Holten tlf. 98 28 37 98 eller https://www.facebook.com/holtenmotorsport

………………………………

 

   


Daniel Holten
(26) er frå Vikedal og køyrer for NMK Vikedal. Han er Vestlandsmester og Norgesmester i rallycross. NM tittelen tok han i 2010, og i 2011 kjørte han ni av ti EM-rundar i same bil, ein Citroen Saxo i klassen Super 1600.

I 2012 og 2013 kjørte han i tillegg EM-rundane i Supercar på Lånke i og Høljes, i Frode Holte sin Volvo C30 Supercar. Alle fire gongene med gode resultat. I 2014 køyrde  Daniel vidare i Supercar i den nye serien RallyX, for det svenske teamet Olsbergs MSE (OMSE) i en Ford Fiesta ST og blei nummer fire. I tillegg køyrde han VM-serien RXLites, også i ein bil for Olsbergs MSE, der han tok bronsemedaljen. I 2015        køyrde han for Eklund Motorsport under VM-rundane  i Höljes og på Lånke  i ein VW Beetle. I Höljes var det første gongen ein slik bil blei nytta i VM i rallycross.
Dei tre siste sesongane har han køyrt NM i ein Holten Motorsport Ford Fiesta. Med denne bilen tok han sølv i rallycross i 2016 medan han gjekk heilt til topps og tok gull i fjor. Han held fram i den same bilen også i år, og planen er å køyre NM og EM.