Daniel-Ford Fiesta- foto Rune Johannesen

To poeng opp til gullet

Daniel Holten har to poeng opp til NM-gullet når han til helga køyrer NM-finale i rallycross på Gardermoen Motorpark.

– At eg før finalane ligg på ein tredje plass og berre har to poeng å ta inn på Sivert Svartdal, med Jan Emil Wilsberg mellom oss, gjer at dette bli veldig spennande. Det blir rett og slett første mann i mål som tar det,  og ingenting er avgjort før A-finalen er i mål, seier Daniel Holten som er glad for at han får vere med på dette.

Daniel Holten-foto holtenmedia– Eg vann den førre runden på Konsmo, og kom meg inn i gullkampen. Dette sjølv om eg måtte køyre med ein bil som ikkje lada, i tillegg til at eg fekk ei punktering i fjerde omgang. Sett under eit er eg eigentleg nøgd med å bli topp tre i NM, men sjølvsagt når eg er så nær gullet skal eg gjere alt for å kome høgare opp.

Førebuingane har vore gode.
– Sist helg var eg på Gardermoen og testa, noko som me fekk mykje ut av. Fekk prøvd ulike oppsett på bilen og rundetidene blei betre og betre utover i testen. Trur førebuingane har vore så gode som dei kan vere, så er det berre å håpe at me får fullføre eit løp utan problem eller feil underveis i løpet, sluttar Daniel Holten.

NM-stilling før finalen, Supernasjonal t.o.m. 2000 kubikk:
1. Sivert Svardal, NMK Konsmo, 116
2. Jan Emil Wilsberg, NMK Kongsvinger, 115
3. Daniel Holten, NMK Vikedal, 114
4. Morten Nordbø, KNA Aust-Agder, 90
5. Kenneth Johansen, NMK Vikedal, 78
6. Sigurd Erik Egeland, NMK Kvinesdal, 56

Meir info: Daniel Holten tlf. 98 28 37 98 eller https://www.facebook.com/holtenmotorsport

………………………………

 

   

Daniel Holten (26) er frå Vikedal og køyrer for NMK Vikedal. Han er Vestlandsmester og Norgesmester i rallycross. NM tittelen tok han i 2010, og i 2011 kjørte han ni av ti EM-rundar i same bil, ein Citroen Saxo i klassen Super 1600.

I 2012 og 2013 kjørte han i tillegg EM-rundane i Supercar på Lånke i og Høljes, i Frode Holte sin Volvo C30 Supercar. Alle fire gongene med gode resultat. I 2014 køyrde  Daniel vidare i Supercar i den nye serien RallyX, for det svenske teamet Olsbergs MSE (OMSE) i en Ford Fiesta ST og blei nummer fire. I tillegg køyrde han VM-serien RXLites, også i ein bil for Olsbergs MSE, der han tok bronsemedaljen. I 2015      køyrde han for Eklund Motorsport under VM-rundane  i Höljes og på Lånke  i ein VW Beetle. I Höljes var det første gongen ein slik bil blei nytta i VM i rallycross.
Dei tre siste sesongane har han køyrt NM i ein Holten Motorsport Ford Fiesta. Med denne bilen tok han sølv i rallycross i 2016 medan han gjekk heilt til topps og tok gull i fjor. Han held fram i den same bilen også i år, og planen er å køyre NM og EM.

 

Terminliste Daniel Holten 2018
6. mai, Vestlandsmesterskapet, Vikedal
12. mai, EM, Belgia
26.mai, NM, Momarken
9.juni, EM, Lånke, Norge
23. juni, NM, Skien
30.juni, EM, Höljes, Sverige
7.juli, NM, Flisa
25.aug, NM, Konsmo
22.sep, NM, Gardermoen