Daniel-Ford Fiesta-foto Rune Johannesen

Til topps på Konsmo

Daniel Holten køyrde inn til første plass på Konsmo Motorbane i dag, og er med i kampen om ein ny NM-tittel før finalen som går på Gardermoen i september.

 

Kjekt endeleg å vinne løp igjen, ei stund sidan sist no, seier Daniel Holten, etter han gjekk heilt til topps i ein jamn og spanande finale.

Etter litt trøblete innleiande omgangar var dette likevel godt nok til at han kunne starte frå tredje spor i A-finalen.

Daniel Holten-foto holtenmedia– Fekk ein god start og kom ut som nummer to bak Preben Myklebust. Tok alternativsporet tidleg og greidde å behalde leiinga også etter at Preben hadde vore inne i alternativsporet. Eit godt taktisk val av spottaren min Ådne Solheim,  som er den som gir meg beskjed om når det kan vere lurt å gå inn, fortel Daniel vidare, og gratulerer samstundes Preben Myklebust og Jan Emil Wilsberg med dei andre pallplassane.

– I tillegg vil eg og gratulere NMK Konsmo som gjennomførte eit godt arrangement, det beste så langt i år, og takke alle i teamet og alle dei som hjelper meg.

Uoffisielt ligg Daniel Holten no på tredje plass i samandraget i Supernasjonal  til og med 2000 kubikk, to poeng bak leiaren Sivert Svardal som leiar og poenget bak Jan Emil Wilsberg på andre. Finalen går på Gardermoen 22.-23. september

Uoffisiell NM-stilling etter fjerde  runde:

1. Sivert Svardal, NMK Konsmo, 116
2. Jan Emil Wilsberg, NMK Kongsvinger, 115
3. Daniel Holten, NMK Vikedal, 114
4. Morten Nordbø, KNA Aust-Agder, 90
5. Kenneth Johansen, NMK Vikedal, 78
6. Sigurd Erik Egeland, NMK Kvinesdal, 56

 

Meir info: Daniel Holten https://www.facebook.com/holtenmotorsport

 

………………………………

 

 

 

 

 

Daniel Holten (26) er frå Vikedal og køyrer for NMK Vikedal. Han er Vestlandsmester og Norgesmester i rallycross. NM tittelen tok han i 2010, og i 2011 kjørte han ni av ti EM-rundar i same bil, ein Citroen Saxo i klassen Super 1600.


I 2012 og 2013 kjørte han i tillegg EM-rundane i Supercar på Lånke i og Høljes, i Frode Holte sin Volvo C30 Supercar. Alle fire gongene med gode resultat. I 2014 køyrde  Daniel vidare i Supercar i den nye serien RallyX, for det svenske teamet Olsbergs MSE (OMSE) i en Ford Fiesta ST og blei nummer fire. I tillegg køyrde han VM-serien RXLites, også i ein bil for Olsbergs MSE, der han tok bronsemedaljen. I 2015      køyrde han for Eklund Motorsport under VM-rundane  i Höljes og på Lånke  i ein VW Beetle. I Höljes var det første gongen ein slik bil blei nytta i VM i rallycross.

Dei tre siste sesongane har han køyrt NM i ein Holten Motorsport Ford Fiesta. Med denne bilen tok han sølv i rallycross i 2016 medan han gjekk heilt til topps og tok gull i fjor. Han held fram i den same bilen også i år, og planen er å køyre NM og EM.

 

 

Terminliste Daniel Holten 2018
6. mai, Vestlandsmesterskapet, Vikedal
12. mai, EM, Belgia

26.mai, NM, Momarken
9.juni, EM, Lånke, Norge
23. juni, NM, Skien
30.juni, EM, Höljes, Sverige
7.juli, NM, Flisa
25.aug, NM, Konsmo
22.sep, NM, Gardermoen