Daniel-Ford Fiesta-foto Rune Johannesen

Klar for innspurten

Daniel Holten ligg på tredje plass i NM-samandraget med to rundar igjen. Til helga går fjerde og neste siste runde på Konsmo Motorbane. Foto: Rune Johannesen

– Rallycrossbanen på Konsmo er heilt ny for meg og eg har ikkje køyrt der før, så det blir spanande, seier Daniel Holten, som dermed er klar for innspurten i NM.

– Likevel har eg vore på banen som tilskodar under eit løp og kjenner den frå det. Det verkar som det er ein ganske smal og liten bane, men nok  teknisk vanskeleg der det er lite rom for å gjere feil. Sidan det ikkje har blitt køyrd NM-rundar der dei siste åra trur eg nok at det er ein fordel for NMK Konsmo føraren Sivert Svardal, som leiar klassen, og dei andre som kjem frå arrangørklubben, seier han vidare.

Daniel Holten - foto holtenmediaDaniel Holten, som fekk ein sur fjerdeplass under den førre runden på Flisa, har som mål å klatre opp på pallen igjen slik at han er med i kampen om NM-medaljar heilt inn.
– Sidan det er ein ny bane for meg er eg usikker på om eg greier å få opp farten som skal til, men håpet er å vere med å kjempe i toppen,  få fire gode tider i dei innleiande omgangane og kvalifisere meg direkte til A-finalen.

NM-stilling etter andre runde:
1. Sivert Svardal, NMK Konsmo, 92
2. Jan Emil Wilsberg, NMK Kongsvinger, 87
3. Daniel Holten, NMK Vikedal, 82
4. Morten Nordbø, KNA Aust-Agder, 71
5. Kenneth Johansen, NMK Vikedal, 67
6. Tony Tufte, NMK Bergen, 42

Meir info: Daniel  https://www.facebook.com/holtenmotorsport

 

   

Daniel Holten (26) er frå Vikedal og køyrer for NMK Vikedal. Han er Vestlandsmester og Norgesmester i rallycross. NM tittelen tok han i 2010, og i 2011 kjørte han ni av ti EM-rundar i same bil, ein Citroen Saxo i klassen Super 1600.

I 2012 og 2013 kjørte han i tillegg EM-rundane i Supercar på Lånke i og Høljes, i Frode Holte sin Volvo C30 Supercar. Alle fire gongene med gode resultat. I 2014 køyrde  Daniel vidare i Supercar i den nye serien RallyX, for det svenske teamet Olsbergs MSE (OMSE) i en Ford Fiesta ST og blei nummer fire. I tillegg køyrde han VM-serien RXLites, også i ein bil for Olsbergs MSE, der han tok bronsemedaljen. I 2015      køyrde han for Eklund Motorsport under VM-rundane  i Höljes og på Lånke  i ein VW Beetle. I Höljes var det første gongen ein slik bil blei nytta i VM i rallycross.
Dei tre siste sesongane har han køyrt NM i ein Holten Motorsport Ford Fiesta. Med denne bilen tok han sølv i rallycross i 2016 medan han gjekk heilt til topps og tok gull i fjor. Han held fram i den same bilen også i år, og planen er å køyre NM og EM.

 

Terminliste Daniel Holten 2018
6. mai, Vestlandsmesterskapet, Vikedal
12. mai, EM, Belgia
26.mai, NM, Momarken
9.juni, EM, Lånke, Norge
23. juni, NM, Skien
30.juni, EM, Höljes, Sverige
7.juli, NM, Flisa
25.aug, NM, Konsmo
22.sep, NM, Gardermoen