Daniel- Ford Fiesta-foto Rune Johannesen

Fjerde plass på Flisa

Daniel Holten blei nummer fire i sin klasse i den tredje NM-runden i rallycross. Foto: Rune Johannesen

-Eit skuffane resultat for meg. Etter dei innleiande omgangane var eg klar for andresporet i finalen, men her fekk eg ein dårleg start og kom ut som nummer tre. Følte ikkje at eg hadde farten som skulle til, og enda altså på fjerdeplass og utanfor pallen, seier Daniel Holten, som legg til at det etter målgang oppstod ein situasjon som kunne sjå merkeleg ut og som han ønskjer å forklare.

– Eg såg ikkje målflagget, trudde det var ein  runde igjen og køyrde rett inn i bilen til Sivert Svardal etter målgang. Det såg nok dumt ut, men det var berre det at eg ikkje greidde å bremse opp. Eg beklagar til Team Svardal for dette og gratulerer dei med pallplassen, sluttar han.

No blir det ein lang sommarpause i rallycrossen. Fjerde og nest siste NM-runde går i slutten av august, medan den femte og siste går på Gardermoen 22. september.