Daniel-Ford Fiesta - foto Rune Johannesen

Siste før ferien

Rallycrossbilen til Daniel Holten er for det meste klar igjen,  og til helga køyrer han den tredje NM-runden før det blir ein lang sommarpause. Runden går på Finnskogbanen på Flisa. Foto: Rune Johannesen


-Me fekk fiksa det meste på bilen før me reiste frå Höljes, og bilen er så godt som klar igjen no, seier Daniel Holten, som er nøgd med korleis bilen fungerte i den siste EM-runden.
-I Höljes fekk me til startane og hadde bra fart rundt banen. Håpar å vere med å kjempe i toppen no også i det siste løpet før me tek ferie.
Den fjerde og nest siste NM-runden går på Konsmo i slutten av august.

Daniel Holten-2-foto holtenmediaDaniel ligg på tredje plass etter at to NM-rundar er unnagjort og håpar at han igjen kan vere med å kjempe i toppen og unngå problem.

-Hadde vore kjekt å fått til eit godt løp frå start til slutt igjen.

 

NM-stilling i Supernasjonal inntil 2000 kubikk – etter andre runde:

1. Sivert Svardal, NMK Konsmo, 65
2. Jan Emil Wilsberg, NMK Kongsvinger, 58
3. Daniel Holten, NMK Vikedal, 53
4. Morten Nordbø, KNA Aust-Agder, 51
5. Kenneth Johansen, NMK Vikedal, 45
6. Fredrik Magnussen, NMK Hønefoss, 33


Meir info: Daniel Holten tlf. 98 28 37 98 eller https://www.facebook.com/holtenmotorsport

 

………………………………

 

 

 

 

Daniel Holten (26) er frå Vikedal og køyrer for NMK Vikedal. Han er Vestlandsmester og Norgesmester i rallycross. NM tittelen tok han i 2010, og i 2011 kjørte han ni av ti EM-rundar i same bil, ein Citroen Saxo i klassen Super 1600.


I 2012 og 2013 kjørte han i tillegg EM-rundane i Supercar på Lånke i og Høljes, i Frode Holte sin Volvo C30 Supercar. Alle fire gongene med gode resultat. I 2014 køyrde  Daniel vidare i Supercar i den nye serien RallyX, for det svenske teamet Olsbergs MSE (OMSE) i en Ford Fiesta ST og blei nummer fire. I tillegg køyrde han VM-serien RXLites, også i ein bil for Olsbergs MSE, der han tok bronsemedaljen. I 2015      køyrde han for Eklund Motorsport under VM-rundane  i Höljes og på Lånke  i ein VW Beetle. I Höljes var det første gongen ein slik bil blei nytta i VM i rallycross.

Dei tre siste sesongane har han køyrt NM i ein Holten Motorsport Ford Fiesta. Med denne bilen tok han sølv i rallycross i 2016 medan han gjekk heilt til topps og tok gull i fjor. Han held fram i den same bilen også i år, og planen er å køyre NM og EM.

 

Terminliste Daniel Holten 2018
6. mai, Vestlandsmesterskapet, Vikedal
12. mai, EM, Belgia
26.mai, NM, Momarken
9.juni, EM, Lånke, Norge
23. juni, NM, Skien
30.juni, EM, Höljes, Sverige
7.juli, NM, Flisa
25.aug, NM, Konsmo
22.sep, NM, Gardermoen