Daniel-Ford Fiesta - foto Jan Kåre Rafoss

Tok bronse i EM

Daniel Holten var med i kampen om EM-gullet i Touringcar heilt til første sving i finalen, då blei han påkøyrd og måtte bryte. Likevel var bronsemedaljen sikra. Foto: Jan Kåre Rafoss

 -Det som skjedde i finalen var at kom greitt ut som nummer to, men Sivert Svardal kjem frå tredje spor og køyrer inn i  høgre framhjulet mitt,  noko som fører til knekt hjulspindel, bøygd dempar og lenkarm. Eg måtte berre bryte, seier ein skuffa Daniel Holten etter finalen i Touringcar i Höljes.


Daniel Holten - foto holtenmedia-Veldig synd dette for før starten i finalen var det heilt likt mellom meg og Svardal. Første mann i mål av oss to tok gullet, forklarar Daniel,  som legg til at han hadde tempoet som skulle til for å vinne løpet.
– Etter at me sleit med å få til startane i dei tre første omgangane på laurdag, fekk me orden på dette til fjerde omgang. Eg fekk då bestetida i denne  omgangen og vann også semifinalen min på søndag.

Sjølv om han måtte bryte tidleg i finalen kunne Daniel Holten klatre opp på samanlagtpallen og motta bronsemedaljen i EM.
-Takkar teamet mitt som gjer ein knall jobb med bilen.