Daniel Holten - foto holtenmedia

Kan nå pallen

Daniel Holten ligg på ein fjerde plass før EM-finalen i rallycross, som går under den svenske VM runden i Höljes i helga. Pallen samanlagt er innan rekkevidde.

– Det hadde vore stort å kome på pallen samanlagt i dette EM, men skal det skje må eg gjere jobben min på banen og helst ha litt hell med meg i tillegg, seier Daniel Holten.

I den nest siste EM-runden på Lånke gjekk han heilt til topps. Rallycrossbanen i Höljes er også ein bane han kjenner godt frå køyring både i Super 1600 og Supercar.
– Heilt klar ein av favorittbanane mine,  der eg har vore så heldig å fått køyrt fleire gonger og vore med å kjempa om gode plasseringar. Dei to siste åra har eg vore mekanikkar for eit svensk team under desse VM-rundane, så no blir det kjekt å endeleg få køyre der igjen.

Daniel - Ford Fiesta - foto Rune JohannesenFoto: Rune Johannesen

Etter NM-runden i Skien går det greitt å få bilen klar.
– Bilen fungerte godt i Skien og berre litt arbeid på karosseriet så er den klar igjen, seier Daniel, som likevel håpar å få køyrd ein test før dei reiser på onsdag.
– Treng å få testa ut nokre nye støytdemperar, etter at dei blei skada under køyringa på Lånke.

Samanlagt EM- rallycross Touringcar før finalen:
1 Steve Volders, Belgia, 46
2 Jan-Emil Wilsberg, Norge, 41
3 Daniel Lundh, Sverige, 41
4 Daniel Holten, Norge, 34
5 Sivert Svartdal, Norge, 33
6 Fredrik Salsten, Sverige, 32

Fleire resultat: http://www.fiaworldrallycross.com/standings

Meir info: Daniel Holten tlf. 98 28 37 98 eller https://www.facebook.com/holtenmotorsport

………………………………

 

   

Daniel Holten (26) er frå Vikedal og køyrer for NMK Vikedal. Han er Vestlandsmester og Norgesmester i rallycross. NM tittelen tok han i 2010, og i 2011 kjørte han ni av ti EM-rundar i same bil, ein Citroen Saxo i klassen Super 1600.

I 2012 og 2013 kjørte han i tillegg EM-rundane i Supercar på Lånke i og Høljes, i Frode Holte sin Volvo C30 Supercar. Alle fire gongene med gode resultat. I 2014 køyrde  Daniel vidare i Supercar i den nye serien RallyX, for det svenske teamet Olsbergs MSE (OMSE) i en Ford Fiesta ST og blei nummer fire. I tillegg køyrde han VM-serien RXLites, også i ein bil for Olsbergs MSE, der han tok bronsemedaljen. I 2015      køyrde han for Eklund Motorsport under VM-rundane  i Höljes og på Lånke  i ein VW Beetle. I Höljes var det første gongen ein slik bil blei nytta i VM i rallycross.

Dei tre siste sesongane har han køyrt NM i ein Holten Motorsport Ford Fiesta. Med denne bilen tok han sølv i rallycross i 2016 medan han gjekk heilt til topps og tok gull i fjor. Han held fram i den same bilen også i år, og planen er å køyre NM og EM.

 

Terminliste Daniel Holten 2018
6. mai, Vestlandsmesterskapet, Vikedal
12. mai, EM, Belgia
26.mai, NM, Momarken
9.juni, EM, Lånke, Norge
23. juni, NM, Skien
30.juni, EM, Höljes, Sverige
7.juli, NM, Flisa
25.aug, NM, Konsmo
22.sep, NM, Gardermoen