Daniel Holten foto holtenmedia

På fjerde i Skien

Daniel Holten kom seg til A-finale og blei til slutt nummer fire under den andre NM-runden i rallycross som gjekk i Skien i helga. No ser har fram til EM-finalen som går i Höljes og som startar alt på fredag.

Det starta bra for Daniel Holten i første omgang der han køyrde fortast av alle og kunne innkassere ei bestetid.
– Dei andre omgangane blei trøblete både med tekniske problem, i tillegg til at eg kom dårleg ut i heata og det blei vanskeleg å kome seg fram, fortel Daniel, som likevel greidde å få med seg nok poeng til at dei blei eit fjerdespor i A-finalen.
– Kom godt ut i finalen og låg som nummer to, men i andre sving blei eg presse ut i sandfella. Kom meg i gong igjen, men hadde øydelagt styringa og det blei vanskeleg. Klarte likevel å køyre meg opp til ein fjerde plass til slutt.

Uoffisielt ligg Daniel no på ein tredje plass i NM-samandraget med 12 poeng opp til leiaren Sivert Svardal. To av fem rundar er køyrde.

Daniel-Ford Fiesta-Foto Jan Kåre RafossFoto: Jan Kåre Rafoss

Men før NM held fram blir det køyring under den svenske VM-runden i rallycross i Höljes, der han skal køyre EM-finalen i Touringcar. Før finalen ligg han på ein fjerde plass i EM-samandraget.
– No er det berre å sjå framover og gjere seg klar til det løpet som startar berre om få dagar.

Uoffisiell NM-stilling etter andre runde:

1. Sivert Svardal, NMK Konsmo, 65
2. Jan Emil Wilsberg, NMK Kongsvinger, 58
3. Daniel Holten, NMK Vikedal, 53
4. Morten Nordbø, KNA Aust-Agder, 51
5. Kenneth Johansen, NMK Vikedal, 41
6. Fredrik Magnussen, NMK Hønefoss, 33