Daniel-Ford Fiesta-Foto Jan Kåre Rafoss

Vil halde seg i toppen

Etter sigeren på Lånke ser Daniel Holten fram til å setje seg i rallycrossbilen igjen for å kjempe om nye NM-poeng. Til helga går andre NM-runde i rallycross på Grenland Motorsportsenter. Foto: Jan Kåre Rafoss

– Målet i første omgang er å halde på den gode forma me har inne no. Eg syns bilen fungerer godt og det fine er at det også viser igjen på resultatlistene, seier Daniel Holten, som etter første runde ligg på ein delt andre plass i NM-samandraget.

Daniel Holten-foto holtenmedia– Sjølv om eg ikkje var heldig i A-finalen i NM-opninga, og måtte nøye meg med  ein femte plass, køyrde eg likevel så bra i innleiande omgangar at eg samla poeng nok til at eg har andreplassen. Det er eg nøgd med. No må me berre unngå å hamne i uhell og køyre litt smart for å få me oss mest mulig poeng også denne gongen.

Banen på Grenland Motorsportsenter er ein bane Daniel likar seg på, og der han har vunne og hatt ein andre plass dei to siste åra.
– Ikkje mykje å gjere med bilen etter køyringa på Lånke, men litt plast og karosserijobb blir det alltid. No er håpet at eg igjen kan hevde meg i toppen, og samle mest mogeleg poeng i samandraget slik at eg er med i toppen også etter denne runden.

 

NM-stillinga etter første runde:

1. Fredrik Magnussen, NMK Hønefoss, 33
2. Daniel Holten, NMK Vikedal, 29
3. Sivert Svartdal, NMK Konsmo, 29
4. Jan Emil Wilsberg, NMK Kongsvinger, 25
5. Kenneth Johansen, NMK Vikedal, 24
6. Morten Nordbø, KNA Aust-Agder, 23