braathen

Ny runde i Bergen

Klart for tredje runde i rallycross og fjerde runde i bilcross i VestlandsmesterskapetEikås Motorsenter til helga. Joachim Braathen ligg på andre plass i sin klasse i rallycross. 

Stemnet går over to dagar og det er invitert til både bilcross og rallycross.

I rallycross er så langt 18 bilar påmeld i tre klassar, medan bilcross og bilcross junior har 46 påmelde.

bilsbak2Kåre Bilsbak ( bilde) får denne gongen selskap av Randi Karin Breivik i klassen Nasjonal Rallycross.  Bilsbak har i fleire sesongar vore einaste deltakar i klassen. Randi Kari Breivik er bestemor til rallycrossførar Karoline Breivik, og skal køyre ein Peugeot 206. Den same bilen som Karoline køyrde rallycross junior med og som no er tilpassa Nasjonal Rallycross.

tufteI klassen til og med 2400 kubikk er det NMK Bergen-førarane Tony Tufte (bilde), Joachim Braathen og Frank Blomdal som ligg i tet. Tufte på topp med seks poengs leiing.

RallycrossI klassen over 2400 kubikk har så langt fire førarar vore innom. NMK Vikedal førarane Håvard Helland ( bilde) og Jan Kåre Frøyland er i tet med Karoline Breivik NMK Bergen på tredje.

OliverI bilcross er det NMK Vikedal føraren Ailin Vik som leiar juniorklassen medan Marius Havre, NMK Bergen, leiar i open klasse.
Ailin Vik har ei 10 poengs leiing på Tomas Tofting NMK Bergen medan Jakob Hansen, også NMK Bergen, følgjer poenget bak.
I open klasse er det er det Oliver Andre Matre som følgjer nærast Marius Havre. Det var også dei to som blei nummer ein og to under den andre runden på Vikedal Motorbane i mai (bilde)

Stilling Vestlandsmesterskapet:

Rallycross etter to rundar

Nasjonal rallycross
1. Kåre Bilsbak, NMK Bergen, 47

Rallycross til og med 2400 kubikk
1. Tony Tufte, NMK Bergen, 36
2. Joachim Braathen, NMK Bergen, 30
3. Frank Blomdal, NMK Bergen, 26
4. Arild Reiakvam, NMK Sunnfjord, 25
5. Robin T. Bratten, NMK Bergen, 23
6. Kenneth Johansen, NMK Vikedal, 21

Rallycross over 2400 kubikk
1. Håvard Helland, NMK Vikedal, 47
2. Jan Kåre Frøyland, NMK Vikedal, 37
3. Karoline Breivik, NMK Bergen, 37
4. Geir Harald Skeie, NMK Vikedal, 13

Bilcross etter tre rundar

Bilcross junior
1. Ailin Vik, NMK Vikedal, 54
2. Tomas Tofting, NMK Bergen, 44
3. Jakob Hansen, NMK Bergen, 43
4. Marte Eline Havre, NMK Bergen, 36
5. Carl-Emil Heimvik, NMK Bergen, 33
6. Stig Rune Teigland, NMK Bergen, 32

Bilcross
1. Marius Havre, NMK Bergen, 59
2. Oliver Andre Matre, NMK Vikedal, 53
3. Aleksander Stokke, NMK Bergen, 31
4. Sigbjørn Østbø, NMK Bergen, 29
5. Anders Myking, NMK Bergen, 28
6. Lasse Rud, NMK Gardermoen, 25