Daniel-Ford Fiesta foto Rune Johannesen

Til topps på Lånke

Daniel Holten gjekk heilt til topps under den norske EM-runden i Touringcar som gjekk på Lånke i helga.  Foto: Rune Johannesen


– Det var stort å vinne dette løpet på heimebane, og etter litt problem på laurdag var det herleg å dra denne sigeren i land, seier Daniel Holten, som igjen viste at han hadde farten som må til.
-Takker det fantastiske team mitt som gjer at eg alltid har den beste bilen.
Daniel Holten-2-foto holtenmediaDenne gongen sender han også ein takk til motorbyggar Trond Stensbøl som hadde motoren til sjekk i forkant av løpet.
– Motoren fungerte som den skulle. Også ein stor takk til sponsorane mine som er dei som gjer det mulig slik at eg i heile tatt kan stille til løp.