Damer

NMK Vikedal-førerane godt representert på seierspallen

Sjølv om det vart seier til førerar frå NMK Bergen i to av klassane, var NMK Vikedal godt representert på seierspallane etter helgas storløp på Vikedal Motorbane.

Heile 96 deltakerar stilte til start i løpet som gjekk i strålande sommarvær, der ein badetur i Vikedalselva rett ved banen nærmast var obligatorisk etter løpet.

I juniorklassen var det berre Jakob Hansen, NMK Bergen, som klarte å vinna alle fem kvalifiseringsomgongane. Carl E. Heimvik, NMK Bergen, vann tre og vart nr. 2 i to. NMK Vikedal sitt håp, Ailin Vik frå Fitjar, vann fire, men vart berre nr. 4 i fjerde omgong etter ein smell i starten der ho vart ståande på tvers. Dermed var stod ho i 3. startspor i A-finalen. Der hadde ho og fått selskap av ein annan NMK Vikedal-førear, Tor Steine frå Suldalsosen. Han vann ein spennande B-finale rett framfor Mikal Byrkjedal Finnvik frå Hebnes og Bjørn Cato Aarekol fra Vikedal, begge NMK Vikedal. A-finalen vart og svært spennande, men til slutt vart det Carl E. Heimvik som vann og stakk av med den største pokalen. Ailin Vik fekk ein flott andreplass, medan Tor Steine kjørte seg opp til tredjeplass. Bak der fulgte Thomas Tofting, Marius Vaktskjold og Jakob Hansen, alle NMK Bergen.

Løpet var kvalifisering til Landsfinalen for bilcross junior som går på Grenland Motorsenter i august. No er fire førerar frå NMK Vikedal kvalifisert, Ailin Vik, Tor Steine, Mikal Byrkjedal Finnvik og Bjørn Cato Aarekol.

I dameklassen kamp mellom Heidi Steine, Suldalsosen, Katrine Tveit, Haugesund, begge NMK Vikedal og Lene Holmebakken frå Tjelta og NMK Egersund. Men i finalen overraska Kristina Sætre frå Fitjar og NMK Vikedal alle med ein kanonstart og tok teten. Men dei tre andre kom seg etter sjokket, og kom seg etterkvart forbi Kristina. Heidi Steine vann framfor Lene Holmebakken og Katrine Tveit. Kristina Sætre tok fjerdeplassen framfor Susanne Øygarden, Lena Haugland Rønnevik og Mari Lønning.

bilcrossI seniorklassa var det mange spennande duellar i dei innleiande omgongane. Best før finalane var Ernst Holten Leifsen, initiativtakaren til revitaliseringa av Todagarscrossen frå Vikedal, som var einaste som klarte å vinna alle sine heat i sin nybygde BMW. Nærmast han var Oliver Andrè Matre, Fitjar, Sondre Hundseid Eikeland, Ølensvåg, og Aleksander Skeie, Sandeid, alle NMK Vikedal. Aleksander overraska nok dei fleste med sin store BMW 5-serie stasjonsvogn, men fekk den til å gå utruleg fort. I A-finalen tok Ernst Holten Leifsen starten, men dei andre hang godt på. Dessverre fekk Ernst problemer med framhjulsopphenget i siste runde, og måtte sleppa Marius Havre frå Arna og NMK Bergen forbi seg og som då vann. Men Ernst kom seg til mål framfor Oliver Andrè Matre, Aleksander Skeie, Sondre Hundseid Eikeland og Joakim Rønnevik, alle NMK Vikedal. BMW-en til Ernst vart selt på bud etter løpet til Sørlandet, men har alt gitt beskjed om at planlegginga av neste års todagarscross alt er i gong.

Og tilbakemeldingane frå førerane var veldig positive under og etter løpet, så me håpar på like fint vær neste år og takkar alle deltakerar og funksjonærar for innsatsen og underhaldninga.