Daniel-Ford Fiesta-foto Rune Johannesen

Klar for andre EM-runde

Daniel Holten er no klar for den andre EM-runden i rallyross, som går i helga under den norske VM-runden i rallycross på Lånke ved Stjørdal. Foto: Rune Johannesen

– Har køyrd på Lånke fleire gonger tidlegare både i Super 1600 og Supercar-klassen, og har bra med erfaring frå banen. Det er nok godt å ta med seg, men eg trur ikkje det betyr så alt for mykje, sidan Ford Fiestaen som eg køyrer i Touringcar er ein heilt annan bil å køyre og må køyrast på ein litt annan måte. Ein liten fordel er det nok likevel, seier Daniel Holten, som så langt er nøgd med sesongen,  sjølv om EM-opninga i Belgia blei ein nedtur.

– Under NM-runden førre helg viste me igjen at me har farten inne, sidan me etter omgangane  stod med to bestetider. Så blei det bom i finalen. Håpar me har hellet med oss denne gongen slik at sluttresultatet kan bli betre.

Daniel Holten-2-foto holtenmediaI forkant av NM-runden på Momarken var bilen ein tur til motorbyggaren Trond Stensbøl i Kongsvinger, og han kunne konstatere at motoren mangla nokre hestekrefter i forhold til det som var i fjor.
– Etter løpet tok me ut motoren og den er no hos motorbyggaren for sjekk, og eg håpar han finn ut av dette slik at me kan vere best mulig forberedt til EM-runden på Lånke, sluttar Daniel Holten.

Resultat frå første EM-runde: http://www.fiaworldrallycross.com/result/touringcar/bel/2018

Meir info: Daniel Holten tlf. 98 28 37 98 eller https://www.facebook.com/holtenmotorsport

………………………………

 

   

Daniel Holten (26) er frå Vikedal og køyrer for NMK Vikedal. Han er Vestlandsmester og Norgesmester i rallycross. NM tittelen tok han i 2010, og i 2011 kjørte han ni av ti EM-rundar i same bil, ein Citroen Saxo i klassen Super 1600.

I 2012 og 2013 kjørte han i tillegg EM-rundane i Supercar på Lånke i og Høljes, i Frode Holte sin Volvo C30 Supercar. Alle fire gongene med gode resultat. I 2014 køyrde  Daniel vidare i Supercar i den nye serien RallyX, for det svenske teamet Olsbergs MSE (OMSE) i en Ford Fiesta ST og blei nummer fire. I tillegg køyrde han VM-serien RXLites, også i ein bil for Olsbergs MSE, der han tok bronsemedaljen. I 2015      køyrde han for Eklund Motorsport under VM-rundane  i Höljes og på Lånke  i ein VW Beetle. I Höljes var det første gongen ein slik bil blei nytta i VM i rallycross.
Dei tre siste sesongane har han køyrt NM i ein Holten Motorsport Ford Fiesta. Med denne bilen tok han sølv i rallycross i 2016 medan han gjekk heilt til topps og tok gull i fjor. Han held fram i den same bilen også i år, og planen er å køyre NM og EM.

 

Terminliste Daniel Holten 2018
6. mai, Vestlandsmesterskapet, Vikedal
12. mai, EM, Belgia
26.mai, NM, Momarken
9.juni, EM, Lånke, Norge
23. juni, NM, Skien
30.juni, EM, Hôljes, Sverige
7.juli, NM, Flisa
25.aug, NM, Konsmo
22.sep, NM, Gardermoen