Daniel Holten - foto holtenmedia

På femte i NM-opninga

Daniel Holten kom på ein femte plass i NM-opninga i rallycross på Momarken Bilbane, etter full pott i dei innleiande omgangane og beste startspor i A-finalen.

– Ja, det blei ein femte plass i første NM-runde, noko eg er greitt nøgd med, seier Daniel Holten, som denne gongen fullt ut kunne konstatere at bilen fungerte i dei innleiande omgangane.
– Køyrde bestetider og kunne køyre fram til beste startspor i A-finalen. Her bomma i starten, motoren gjekk i kjellaren og eg kom sist ut av dei seks bilane.

Likevel er Daniel nøgd.
– Køyringa i innleiande viser at me har den farten som trengst, men at me likevel ikkje heilt klarer å få til det sluttresultatet me ønskjer.

Daniel Ford Fiesta foto holtenmediaSjølv om det vart ein femte plass i løpet, meiner Daniel at han ligg høgare oppe i samandraget.
– Har ikkje fått finrekna poenga, men trur kanskje eg ligg på ein andre plass.

Kenneth Johansen NMK Vikedal køyrde seg inn til pallen og tredjeplass.

Neste løp er andre EM-runde som går på Lånke i Stjørdal om fjorten dagar.

Meir info: Daniel Holten tlf. 98 28 37 98 eller https://www.facebook.com/holtenmotorsport

 

………………………………

 

 

 

 

Daniel Holten (26) er frå Vikedal og køyrer for NMK Vikedal. Han er Vestlandsmester og Norgesmester i rallycross. NM tittelen tok han i 2010, og i 2011 kjørte han ni av ti EM-rundar i same bil, ein Citroen Saxo i klassen Super 1600.


I 2012 og 2013 kjørte han i tillegg EM-rundane i Supercar på Lånke i og Høljes, i Frode Holte sin Volvo C30 Supercar. Alle fire gongene med gode resultat. I 2014 køyrde  Daniel vidare i Supercar i den nye serien RallyX, for det svenske teamet Olsbergs MSE (OMSE) i en Ford Fiesta ST og blei nummer fire. I tillegg køyrde han VM-serien RXLites, også i ein bil for Olsbergs MSE, der han tok bronsemedaljen. I 2015        køyrde han for Eklund Motorsport under VM-rundane  i Höljes og på Lånke  i ein VW Beetle. I Höljes var det første gongen ein slik bil blei nytta i VM i rallycross.

Dei tre siste sesongane har han køyrt NM i ein Holten Motorsport Ford Fiesta. Med denne bilen tok han sølv i rallycross i 2016 medan han gjekk heilt til topps og tok gull i fjor. Han held fram i den same bilen også i år, og planen er å køyre NM og EM.

 

 

Terminliste Daniel Holten 2018
6. mai, Vestlandsmesterskapet, Vikedal
12. mai, EM, Belgia
26.mai, NM, Momarken
9.juni, EM, Lånke, Norge
23. juni, NM, Skien
30.juni, EM, Hôljes, Sverige
7.juli, NM, Flisa
25.aug, NM, Konsmo
22.sep, NM, Gardermoen