Daniel Ford Fiesta foto holtenmedia

Gler seg til NM

Daniel Holten er i full gong med å rette opp skadane på bilen etter EM-runden i Belgia, og ser fram til NM-opninga i rallycross som går på Momarken Bilbane til helga.

– Ikkje så veldig mykje gale med bilen. Den eine rammevangen var skeiv og me måtte ha bilen i jigg for å få retta denne. Elles ser det ut til at alle hjula står der dei skal stå og i løpet av helga har me fått gått over alt så no er bilen er klar igjen, seier Daniel Holten, som ser framover mot det som skal skje i NM.

-Gler meg til å køyre NM igjen og håpar me er litt meir heldig med dette løpet enn me var i Belgia. Me veit at me har farten inne, men har framleis ei utfordring med å få til startane så det er noko som me må jobbe med vidare. Eit stort startfelt møter Daniel på Momarken Bilbane. – Det er mange påmeldt i klassen og fleire nye førarar, så det blir spanande å sjå korleis det kan gå.

  

   

Daniel Holten (26) er frå Vikedal og køyrer for NMK Vikedal. Han er Vestlandsmester og Norgesmester i rallycross. NM tittelen tok han i 2010, og i 2011 kjørte han ni av ti EM-rundar i same bil, ein Citroen Saxo i klassen Super 1600.

I 2012 og 2013 kjørte han i tillegg EM-rundane i Supercar på Lånke i og Høljes, i Frode Holte sin Volvo C30 Supercar. Alle fire gongene med gode resultat. I 2014 køyrde Daniel vidare i Supercar i den nye serien RallyX, for det svenske teamet Olsbergs MSE (OMSE) i en Ford Fiesta ST og blei nummer fire. I tillegg køyrde han VM-serien RXLites, også i ein bil for Olsbergs MSE, der han tok bronsemedaljen. I 2015      køyrde han for Eklund Motorsport under VM-rundane i Höljes og på Lånke i ein VW Beetle. I Höljes var det første gongen ein slik bil blei nytta i VM i rallycross. Dei tre siste sesongane har han køyrt NM i ein Holten Motorsport Ford Fiesta. Med denne bilen tok han sølv i rallycross i 2016 medan han gjekk heilt til topps og tok gull i fjor. Han held fram i den same bilen også i år, og planen er å køyre NM og EM.

 

Terminliste Daniel Holten 2018
6. mai, Vestlandsmesterskapet, Vikedal
12. mai, EM, Belgia
26.mai, NM, Momarken
9.juni, EM, Lånke, Norge
23. juni, NM, Skien
30.juni, EM, Hôljes, Sverige
7.juli, NM, Flisa
25.aug, NM, Konsmo
22.sep, NM, Gardermoen