Daniel - Ford Fiesta foto holtenmedia

Køyrde ut i semifinalen

Daniel Holten køyrde ut i semifinalen og øydela bilen EM-runden i Belgia. Tragisk slutt på ei trøblete helg.

– Etter utkøyringa, som førte til store skader på bilen, var løpet over i semifinalen, seier Daniel Holten, og legg at opningshelga i EM har vore prega av trøbbel frå start til slutt.

– Lyspunktet var ei andretid i andre omgang. I dei andre tre omgangane sleit me med tekniske feil på bilen, i tillegg til at eg gjorde reine førarfeil. Andretida viser at me har ein vinnarbil når alt stemmer, og eg må berre takke teamet mitt som greier å finne ut av feila slik at me i alle fall har dette med oss vidare, sluttar Daniel Holten.

No set Daniel og teamet kursen tilbake til Vikedal,  for å finne ut av skadane og gjere bilen klar til neste løp som er NM-opning på Momarken 26. mai.