bilsbak5

Vil ha fleire med

I fleire sesongar no har Kåre Bilsbak frå NMK Bergen vore einaste førar i Vestlandsmesterskapet i klassen Nasjonal Rallycross (NRC). No trur han fleire kjem med.

– Det er aktivitet rundt klassen i Bergen og eg trur at det kjem ein ny bil frå hausten av, og til neste år kan det bli mellom tre og fem bilar totalt i klassen i Bergen, seier Kåre Bilsbak, som sjølv har bygt opp ein Honda CRX for NRC.
– Ikkje meir spesielt med det enn at eg likte bilen og brukte den for å få meg ein NRC bil.

bilsbak3Meininga med klassen NRC, som kom frå nokre år sidan, var å lansere ein klasse som var rimelegare enn klassane i Supernasjonal.
– I utgangspunktet skal bilen vere mest mogeleg original, og i tillegg til beskyttelses-buret og sikkerhetsutstyret, som er som i dei andre rallycross-klassane, er det få krav til endringar på bilen og heller ikkje så mykje som er tillatt å endre, forklarar Bilsbak, og legg til at det er eit krav at det skal monterast ein restriktor (bilde) på innsuget til motoren, og den originale bensintanken skal bytast ut med ein sikkerhetstank. Det er også begrensningar på dekk.

bilsbak2Kåre Bilsbak meiner ein løpsklar bil kan kome på rundt 50.000 kroner.
– Min bil kosta 15.000 då eg tok den av veien, og kom på rundt femti då den var klar for løp. Lite jobb er det også med å drifte bilen,  og for meg har den fungert godt dei åra eg har hatt den. I år var det berre ein vask og eit oljeskift som måtte til før den var løpsklar igjen.

bilsbak4Etter at du har kome i gong med køyringa er det likevel ein del ting som det er lov å gjere på bilen om du ønskjer det.
– Fjører og støytdemparar kan bytast ut, eksosanlegg kan modifiserast og motoren, som skal vere av same merke som bilen, kan trimmast elektronisk og mekanisk.

Som sagt ser det no ut til at det blir fleire bilar i denne klassen til neste år.
– Eg har litt oversikt over det som skjer i NMK Bergen, og eg håpar at det snart òg vil kome bilar i NMK Vikedal og i klubbane sør for Boknafjorden, sluttar Kåre Bilsbak.

Er du fleire spørsmål om NRC kan du kontakte Kåre Bilsbak
tlf. 91750301 eller epost. bilsbak@online.no