Bilcross

Spennande duellar

Sesongopninga på Vikedal Motorbane i helga vart svært vellykka. I fint vårvær fekk over 400 betalande tilskoderar mange friske duellar om topplasseringane i 2. runde i Vestlandsmesterskapet.


Seierspall - Bilcross jrEtter mange finalar og pallplassar, var det endeleg Ailin Vik, NMK Vikedal, sin tur til å gå heilt topps i bilcross junior. Nærmast kom Thomas Tofting, NMK Bergen, og Tor Steine, NMK Vikedal. Mikal Byrkjedal Finnvik vart nr. 4 og Sondre Åsheim nr. 6. Samanlagt er det og Ailin Vik som leiar med 37 poeng, 5 poeng framfor Jakob Hansen, NMK Bergen. Thomas Tofting, NMK Bergen, ligg på tredjeplass 1 poeng bak Hansen.

OliverI seniorklassen fungerte ikkje bobla til Oliver Andrè Matre, NMK Vikedal, (bilde) heilt topp i dei innleiande omgongane, men i finalane fungerte den strålande. Han vann B-finalen, og tok starten i A-finalen. Der vart det varmt i bobla på slutten, men det heldt heilt til mål og dermed seier til Oliver Andrè Matre. Marius Havre, NMK Bergen, vart nr. 2, akkurat som i første runden i Bergen, og Stian Espevoll, NMK Vikedal, nr. 3. Sondre Hundseid Eikeland, NMK Vikedal, vart nr. 6. Samanlagt leiar Marius Havre med 39 poeng, 1 poeng framfor Oliver Andrè. Anders Myking, NMK Bergen, er nr. 4 og Sølve Østbø, NMK Vikedal, nr. 6.

KennethI rallycross inntil 2400 ccm vart det ein jamn kamp dagen gjennom mellom Kenneth Johansen ( bilde ) og Daniel Holten, begge i frå NMK Vikedal, og Ørjan Lutsi, NMK Jørpeland. Ørjan Lutsi fekk brann i luftfiltra rett før start i A-finalen, og måtte stå over den. Det var Kenneth som hadde beste startspor og tok starten, men Daniel hadde eit godt forsøk på å komma forbi, men måtte ta til takke med andreplassen bak Kenneth. No gjer begge desse seg klar til å reisa til Belgia og første runden i EM for touringcars komande helg. Dei andre førerane frå NMK Vikedal i denne klassen, Sindre Vikedal, Ernestas Milasevicius og Anders Lint Moland, sleit med tekniske problemer og stilte ikkje til start i finalane. Ingen av dei nemnde kjørte første runden i VM i Bergen, så samanlagt er det Tonny Tufte som leiar med 36 poeng framfor Joachim Braathen med 30 poeng, begge NMK Bergen.

RallycrossI den største klassen, over 2400 ccm, var det Håvard Helland som var raskast og vann ein klar seier. Karoline Breivik, NMK Bergen, kom nærmast, medan Jan Kåre Frøyland tok siste pallplassen. Geir Harald Skeie sleit med ein motor som ikkje ville gå over 3000 omdreiningar, så då vart det helst søndagstur på han og ein fjerdeplass. Håvard Helland (bilde) vann og i Bergen, og leiar no VM med 47 poeng, 10 poeng framfor Jan Kåre Frøyland og Karoline Breivik.