Daniel-på andre bak Kenneth Johansen foto holtenmedia

På andre i opninga

Det blei ein andreplass på Daniel holten under rallycrossopninga på Vikedal Motorbane på søndag, og etter løpet kunne han berre gratulere Kenneth Johansen som gjekk heilt til topps.

-Me fekk gjennomført eit godt testløp før sesongen starter for alvor med EM-runde i Belgia neste helg. Viktig å få prøvd bilen og få løpstrening, seier Daniel Holten, etter at dei tre omgangane og finalen var vel i hamn.

Daniel - Ford Fiesta foto holtenmedia-Bilen fungerte bra, men dårlige starter gjorde at det ikkje blei godt nok til å gå heilt til topps, og då er det berre å gratulere Kenneth Johansen som greidde å ta sigeren.

Likevel føler Daniel at dei fekk mykje ut av dagen.

Daniel Holten-foto holtenmedia-Målet var å få ei god gjennomkjøring, og finne ut av kva som fungerer og kva me må jobbe med vidare med, og det gjorde me.

Resultat frå løpet