Bilcross jr - 2

Sesongopning i Vikedal

 På søndag er det klart for sesongopning på Vikedal Motorbane. Sesongen opnar med andre runde i Vestlandsmesterskapet for både bilcross og rallycross, og over 60 deltakerar. I tillegg kjører dei lokale crosskart-førerane eit gjesteløp dagen etter deira første NM-runde i Skien.

Første runde i Vestlandsmesterskapet for bilcross gjekk alt 7. april i Bergen med brukbare resultat for NMK Vikedal-førerane under vanskelege forhold. Best var Oliver Andre Matre med fjerdeplass i senior, medan Ailin Vik (jr.) og Sølve Østbø (sr.) begge kjørte inn til femteplass. Alle desse kvalifiserte seg til dei respektive Landsfinalane som går i august, i Skien for junior og i Verdal for senior. I juniorklassen debuterte Bjørn Cato Aarekol med ein 11. plass. Dei andre finalistane i seniorklassen var Sigbjørn Østbø på niande- og Eirik Sandvik på ellevteplass. Både Ailin, Sølve og Eirik sine bilar vart selde etter løpet, men heldigvis er dei klar med nye til helga.

Sigbjørn ØstbøSøndag 22. april skulle det vera nytt kvalifiseringsløp til Landsfinalen i Egersund, men dessverre gjorde lite deltakerar at det ikkje vart teljande. Her var Sigbjørn Østbø einaste deltakar frå NMK Vikedal. Til gjengjeld kjørte han glimrande med sin VW Golf, og vart nr. 2. Med heile 27 bud til saman vart bilen seld til Kvinesdal, men Sigbjørn er klar med ny.

Kenneth Johansen-foto holtenmediaI rallycrossklassane vert det ei viktig gjennomkjøring for Daniel Holten og Kenneth Johansen (bilde) i sine Ford Fiestaer. Begge er påmeldt til EM-runden for touring car i Belgia 12. – 13. mai, og det er nok vera viktig med ei positiv oppleving og ein bil som fungerar godt i sesongopninga. 14 dager etter det er det klart for NM-opninga på Momarken, der Daniel satsar på å forsvara NM-gullet frå i fjor og Kenneth er på jakt etter medalje. Dei kjører i klassen inntil 2000 ccm, men i Vestlandsmesterskapet kjører dei saman med dei inntil 2400 ccm.

AndersI Bergen var det Arild Reiakvam frå Sunnfjord som gjekk til topps framfor Tonny Tufte frå NMK Bergen og Osterøy. Det deltok inge Vikedal-førerar i denne klassen i Bergen, men no er fleire klar til å ta kampen opp. Anders Lint Moland frå Sandeid, (bilde) som vart nr. 3 i fjor bak Bård Nilsen og Tonny Tufte, har oppgradert bilen litt i vinter og alle desse er klar til ny kamp om plasseringane. Det er og Sindre Vikedal frå Vikedal i sin BMW M3, etter at han måtte gi seg for sesongen etter motorproblemer kvelden før NM-runden i Vikedal i fjor. Det har visstnok og blitt trimma i Kvinnherad, der Ernestas Milasevicius med sin VW Golf har tilpassa seg det norske rallycrossreglementet enno meir.

Jan Kåre Frøyland frå Tysværvåg debuterte i rallycross over 2400 cmm i Bergen med faren sin Volvo S40. Trass litt tekniske utfordringar vart det ein andreplass, bak Håvard Helland frå Fitjar i den gode, gamle Volvo 440-en. No får dei i tillegg konkurranse av Geir Harald Skeie frå Sandeid i sin Saab. Han vurderer å satsa på NM i år igjen.

CrosskartI tillegg til bilcross og rallycross er crosskart invitert som gjesteklasse. Her debuterer Bjørn Cato Aarekol frå Vikedal i 650 ccm klassen, etter å ha kjørt 125 ccm i fjor. Han skal konkurrera med Anders H. Strand og faren Ingve Andrè Strand, Fitjar. Desse tre kjem rett frå Skien der dei kjører NM-runde lørdag 5. mai. Sigurd Kilane, Erfjord, kjem og til start i sin Crosskart Extreme.