Daniel-Testing på Vikedal Motorbane - foto holtenmedia

Opnar på heimebane

Daniel Holten er klar for ein ny sesong og opnar sesongen heime på Vikedal Motorbane på søndag,  i den andre runden i Vestlandsmesterskapet. Deretter blir det køyring både i NM og EM i rallycross i år.


– Etter ein lang vinter med mykje jobb på bilen, er eg endeleg klar til det første løpet for sesongen her i Vikedal, seier Daniel Holten, som i fjor kunne avslutte med NM-gull i klassen han køyrer, supernasjonal inntil 2000 kubikk.
Også i år blir det satsing i NM, i tillegg til at han skal køyre EM-klassen Touringcar med den same bilen.
– Det er litt ulike reglar i NM og EM når det gjeld bilen, men me har jobba med å gjere den mest mogeleg optimal for EM-køyringa, då kan eg òg køyre NM med den utan at eg treng gjere endringar.

Daniel- Ford Fiesta - foto Rune JohannesenEM serien i Touring Car går i år over tre løp og alt neste helg går den første runden i Belgia. Andre runde går på Lånke tidlig i juni før finalen går i Høljes første helga i juli.
– Håpar at ting klaffar og fungerer i Vikedal, slik at eg kan føle meg godt forberedt til EM-runden i Belgia helga etter, seier han, og håpar òg at bilen blir like bra som i fjor etter dei endringane er gjort.
– For meg er det viktig å få kjørt mest mogeleg på søndag og trent på ein god del startar, noko som er vanskeleg å trene på utanom løp, seier Daniel.

Daniel Holten-foto holtenmediaPå lørdag var første test for sesongen på Vikedal Motorbane.
– Fekk køyrd ein god del og konstatert at bilen fungerer som den skal. Nokre småproblem dukkar alltid opp,  og det er greitt å få luke dei bort tidlegast mogeleg, sluttar Daniel Holten.


 

 ………………………………..

 

 

 

 

Daniel Holten (26) er frå Vikedal og køyrer for NMK Vikedal. Han er Vestlandsmester og Norgesmester i rallycross. NM tittelen tok han i 2010, og i 2011 kjørte han ni av ti EM-rundar i same bil, ein Citroen Saxo i klassen Super 1600.


I 2012 og 2013 kjørte han i tillegg EM-rundane i Supercar på Lånke i og Høljes, i Frode Holte sin Volvo C30 Supercar. Alle fire gongene med gode resultat. I 2014 køyrde  Daniel vidare i Supercar i den nye serien RallyX, for det svenske teamet Olsbergs MSE (OMSE) i en Ford Fiesta ST og blei nummer fire. I tillegg køyrde han VM-serien RXLites, også i ein bil for Olsbergs MSE, der han tok bronsemedaljen. I 2015      køyrde han for Eklund Motorsport under VM-rundane  i Höljes og på Lånke  i ein VW Beetle. I Höljes var det første gongen ein slik bil blei nytta i VM i rallycross.

Dei tre siste sesongane har han køyrt NM i ein Holten Motorsport Ford Fiesta. Med denne bilen tok han sølv i rallycross i 2016 medan han gjekk heilt til topps og tok gull i fjor. Han held fram i den same bilen også i år, og planen er å køyre NM og EM.

 

 

Terminliste Daniel Holten 2018
6. mai, Vestlandsmesterskapet, Vikedal
12. mai, EM, Belgia
26.mai, NM, Momarken
9.juni, EM, Lånke, Norge
23. juni, NM, Skien
30.juni, EM, Hôljes, Sverige
7.juli, NM, Flisa
25.aug, NM, Konsmo
22.sep, NM, Gardermoen