Seierspall BC 170909

Sterk innsats

Med dobbeltseier i bilcross og seier i to av rallycrossklassane gjorde NMK Vikedal-førerane det skarpt i finalen i Vestlandsmesterskapet for bilcross og rallycross som gjekk på Eikås Motorsenter ved Bergen lørdag. I tillegg vart det tredjeplass i bilcross junior. Samanlagt gjekk det ikkje fullt så godt, men det vart nokre pallplassar der og.


I bilcross junior var det berre Ailin Vik frå Fitjar som stilte til start. Med fin og klok kjøring under våte og glatte forhold vart det to heatseierar og ein andreplass i dei innleiande omgongane. I finalen var Opelen litt redusert, men Ailin kjørte likevel inn til ein flott tredjeplass. Samanlagt i Vestlandsmesterskapet vart ho nr. 5. Aleksander Stokke frå NMK Bergen vart Vestlandsmester i denne klassen.

Oliver Andre Matre frå Fitjar dominerte i bilcrossklassen. Han vann alle sine heat i dei innleiande omgongane og var dermed i sin første A-finale på 2 år. Sjølv om bobla han kanskje slokna litt på slutten, var han ikkje truga der heller, og gjekk dermed til topps i finaleløpet. Nærmast han kom klubbkamerat Sølve Østbø frå Ølen, som hadde to første- og ein andreplass i innleiande omgongar. Sigbjørn Østbø frå Ølen tok andreplass i C-finalen og vart dermed nr. 10 i finaleløpet. Samanlagt i Vestlandsmesterskapet rykka Sølve opp på andreplass med 56 poeng, bak NMK Bergen-føraren Anders Myking med 65 poeng.

Kenneth Johansen frå Ølen hadde jamn stigning i resultata i løpet av dagen i klassen inntil 2400 ccm. I finalen gjekk han heilt til topps etter at samanlagtvinnaren i Vestlandsmesterskapet, Bård Nilsen frå Stavanger, tok ufrivillig seierspiruetten 100 meter før mål og slapp Kenneth forbi. Anders Lint Moland frå Sandeid leia B-finalen då han snurra på same plass som Nilsen. Dermed vart han nr. 6 i finalen, og falt ned frå andre- til tredjeplass i samandraget. Tredjeplassen har han all grunn til å vera stolt av i sin debutsesong i rallycross med eigenbygd motor. NMK Bergen-føraren Tonny Tufte tok andreplassen.

Den største klassen, over 2400 ccm, har hatt få deltakerar i år, og det er Lars Reidar Frøyland frå Tysværvåg som har dominert og vunne alle løpa i Vestlandsmesterskapet i år inkludert finalen lørdag. Karoline Breivik, NMK Bergen, tok andreplassen, medan skjoldabuen Michael Jensen tok tredjeplass.
Neste utfordring for førerane er eit todagarsløp i Vikedal komande helg med sprintløp på lørdag og ordinært bilcross/rallycrossløp søndag.

Fototekst:
Oliver Andre Matre til topps i bilcross framfor Sølve Østbø, begge NMK Vikedal. Samanlagtvinnaren, Anders Myking, NMK Bergen tok tredjeplass.