Daniel-Ford Fiesta-foto Rune Johannesen

Trøblete helg

Etter fire problemfrie NM-rundar for Daniel Holten blei det dei tekniske feila som kom i sentrum under den femte runden på Flisa i helga.  Til slutt blei han nummer fem i løpet og mista leiinga i samandraget.  Foto Rune Johannesen

Det starta med ein smell i starten i første omgang som gjorde at Daniel Holten måtte bryte omgangen.
– Me fekk bilen klar igjen til andre omgang der eg greidde ei fjerde tid, men i tredje begynte bilen å gå på tre sylindrar og eg måtte ned på ei sjuande tid, forklarar Daniel,  som dermed var ferdig med laurdagens køyring.

Daniel Holten foto holtenmediaI den fjerde og siste omgangen søndag greidde han ei tredje tid, og var klar for det beste startsporet i B-finalen. Han kom seg greitt vidare til A-finalen.
– Frå bakarste rekke i A-finalen kom eg meg ut som nummer fire, men etter kvart mista eg bensintrykket og fall ned til femte plass som eg blei til slutt. Eit dårleg løp for meg med uhell som eg ikkje får gjort noko med.

Eit løp står no igjen i NM-serien, i Skien 23.-24. september. Med resultatet i helga mista Daniel leiinga i samandraget og ligg no tre poeng bak Ben-Philip Gundersen i kampen om gullet..
– Er framleis med i gullkampen, så er håpet at alle problema me hadde denne helga snur til noko positivt i finalen då alt skal avgjerast, sluttar Daniel.

Uoffisiell NM-stilling etter fem av seks rundar:
1  Ben-Philip Gundersen, KNA Solør Motorsport, 153
2  Daniel Holten, NMK Vikedal, 150
3  Erik Svartås, KNA Varna,  139
4  Kenneth Johansen, NMK Vikedal, 94
5  Jan Emil Wilsberg, KNA Kongsvinger, 93
6  Robin Bakke Andresen, NMK Trøgstad, 85