Daniel Holten foto-holtenmedia

Må sanke poeng

Daniel Holten håpar han kan halde fram den gode trenden frå Melhus når han til helga stiller til den nest siste NM-runden i rallycross på Finnskogbanen på Flisa. Han leiar sin klasse når det er to rundar igjen.

Fire pallplassar har det blitt i dei fire første NM-rundane, og når det no berre er runden på Flisa og finalen i Skien igjen i årets meisterskap, blir kvart einaste poeng Daniel Holten kan få med seg viktig. Før dei to siste rundane har han ti poeng å gå på.
– Det nærmar seg sesongslutt, og med leiing i klassen håpar eg å halde på den heilt inn.

For å nå dette målet er det viktig å sanke mest mulig poeng gjennom heile løpet. Det blir delt ut poeng både for gode tider i dei innleiande omgangane og for resultatet til slutt.
– Håpar at eg også denne gongen kan vere med å kjempe om topplasseringane. Å kome blant dei fire som går direkte til A-finale er framleis det viktigaste målet, men også det å halde dei som er nærmast meg i samandraget bak meg i løpet, forklarar han.

Finnskogbanen på Flisa er ein bane Daniel likar seg godt på.
– I fjor kvalifiserte eg meg til det beste startsporet i finalen og leia denne heilt til forstillinga braut saman ut i løpet. Teknisk sett har bilen fungert betre i år og eg vonar også dette vil halde fram også no i innspurten, sluttar han.

NM-stilling etter fire av seks runder:
1 Daniel Holten, NMK Vikedal, 127
2 Ben-Philip Gundersen, KNA Solør Motorsport, 117
3 Erik Svartås, KNA Varna, 110
4 Kenneth Johansen, NMK Vikedal, 79
5 Robin Bakke Andresen, NMK Trøgstad, 69
6 Jan Emil Wilsberg, KNA Kongsvinger, 67