Daniel-Ford Fiesta-foto Rune Johannesen

Ny andreplass

Daniel Holten tok ein ny andreplass under den fjerde NM-runden i rallycross på Melhus i helga, men greidde likevel å auke leiinga i samandraget med eitt poeng, og han no 10 poeng å gå på før dei to siste rundane.

– Målet for helga var å forsvare leiinga samanlagt og helst auke, det greidde eg og då må eg berre vere godt nøgd med det, seier Daniel Holten etter ei våt helg i Trøndelag.
– Dei blei vått ja, men det likar eg. Eg har fått køyrt mykje på vått og fått opp ei bra tempo, og at eg greidde å vinne dei to siste omgangane og bli nummer to før finalen var bra. Det gav meg i tillegg tre ekstra poeng som eg tar med meg inn i NM-samandraget.

Daniel Holten-foto holtenmediaI finalen stod altså Daniel  Holten i fremste rekkje, og i dei innleiande omgangane hadde han vist at farten var god nok til i vinne løpet.
– Eg var heilt klar med i kampen, men kom ut som nummer to og då blei det vanskeleg å køyre seg opp.

Neste NM-runde går i Solør 2.-3. september, før NM-finalen går i Skien 23.-24. september. Eit løp skal strykast til slutt.

Uoffisiell NM-stilling etter fire av seks rundar:

1  Daniel Holten, NMK Vikedal,  127
2  Ben-Philip Gundersen, KNA Solør Motorsport,  117
3  Erik Svartås, KNA Varna,  110
4  Kenneth Johansen, NMK Vikedal, 79
5  Robin Bakke Andresen, NMK Trøgstad, 69
6  Jan Emil Wilsberg, KNA Kongsvinger, 67