bc4

Finalen i bilcross

På søndag går finalen i Vestlandsmesterskapet i bilcross og nest siste runde i rallycross i Vikedal. Som oppvarming vert det kjørt parallelløp på lørdag, der 2 og 2 bilar kjører mot einannan på tid.


I bilcross junior er det førerane frå NMK Bergen som har dominert i år. Robin T. Bratten leiar med 50 poeng, berre 2 poeng framfor Andreas Solli. Rett bak ligg Stig Rune Teigland med 40 poeng og Aleksander Stokke med 30 poeng. Beste førar frå NMK Vikedal er Espen Olsen på femteplass med 29 poeng. Han har ein liten mulighet til å ta tredjeplass i samandraget, men då må alt gå hans veg. Thomas Hundseid Eikeland ligg på niandeplass, etter andreplass i første runde i Vikedal, men har har ikkje delteke i dei to rundane i Bergen. Han tok og andreplass forrige løp i Vikedal i august, og er kanskje den største lokale favoritten, saman med Espen Olsen.

I seniorklassa er det Rune Vaktskjold frå NAF Nordhordland som leiar med 41 poeng, 1 poeng framfor Marius Havre frå NMK Bergen. NMK Vikedal-førerane er ikkje så langt bak med Tor Egil Mæland på tredjeplass med 36 poeng og Jan Kåre Mæland på sjette med 32 poeng. Alle desse har gode muligheter til å bli Vestlandsmester. Vinnaren av forrige løp i Vikedal, Anders Lint Moland, har ikkje delteke i tidlegare rundar, men blir nok med i kampen om finaleplass på søndag. Det same blir nok Sondre Hundseid Eikeland, som tok andreplass i augustløpet, og sjetteplass i 2-dagarsløpet i juni.

Forrige års vinnar i rallycross t.o.m. 2400 ccm, Glenn Olav Lothe frå NMK Vikedal, ligg og best til i år av dei lokale førerane i klassen på andreplass med 36 poeng, 3 poeng bak leiaren Stein Erling Tjelta, NAF Stavanger. Sjølv om han har prioritert NM i år, ligg Daniel Holten bak på femteplass og lurer med 21 poeng. Sjølv om NM-tittelen glapp forrige helg, har han ikkje heilt gitt opp håpet om ein VM-tittel i år. Kenneth Johansen er litt lenger bak med sine 15 poeng. Viktigast for Johansen er nok at han får testa den nyinnkjøpte Ford Fiestaen som han henta i forrige veke.

I tillegg til bilcross og rallycross er crosskart invitert som gjesteklasse, og totalt er det med dei 69 deltakerar i løpet til helga.