Bjørn Cato Aarekol-2- foto holtenmedia

Første finale

Bjørn Cato Aarekol fekk endeleg med seg finalekøyringa og enda på ein 12. plass under den tredje NM-runden i crosskart som gjekk i Bø i Telemark i helga.

Etter to NM-rundar, der det både har vore tekniske og personlige feil, gjekk det mykje betre under den tredje NM-runden nå i helga,  og Bjørn Cato Aarekol kom seg endeleg til ein etterlengta finale.

– Karten fungerte og går bra, og eg føler også at eg får det betre til. Spesielt startane, som er viktige, fikk eg godt til denne gongen, seier Bjørn Cato, som etter tre innleiande omgangar kunne bokføre tre tredjeplassar i sine heat, noko som skulle vise seg å halde til ein B-finale.

– I B-finalen hadde eg på ny ein god start og kom ut som nummer to, noko som hadde halde til A-finale, men eg blei pressa ut i den andre svingen og fall ned til femte plass, og altså nummer 12 i løpet, forklarar han om dette, men er likevel nøgd.

– Nivået er høgt i 125 kubikk-klassen. Eg er i min første sesong i klassen, og dette er det beste resultatet eg har hatt så langt i NM. Finalekøyringa var viktig og no ser me at me nærmar oss A-finalen,  om me greier å halde fram slik og alt klaffar.

Også Hauk Hamre Hagen og Anders Strand deltok frå NMK Vikedal. Hauk Hamre Hagen kom ikkje til finale i 125 kubikk, mens Anders Strand var i B-finalen i 650 kubikk og blei til slutt nummer 16.