Daniel Holten-7-Foto holtenmedia

Daniel Holten tok bronse

Daniel Holten køyrde inn til femteplass under finalen i RXLites i dag , og tok bronsemedaljen.

Finaleresultata i RXLites
1. Sebastian Eriksson
2. Kevin Hansen
3. Janis Baumanis
4. Kevin Eriksson
5. Daniel Holten
6. Yigit Timur

Samanlagt  i RXLites 2014
1. Kevin Eriksson, 137
2. Kevin Hansen, 99
3. Daniel Holten, 97
4. Yigit Timur, 91
5. Sebastian Eriksson, 82
6. Richards Göransson, 73

LIVE oppdatering tider
Oppdaterte resultat SuperCar
Oppdaterte resultat RXLites
Info om løpet og startlister 

Før siste dag-Finale i RXLites
RXLites-finaleKlart for andre dag av den nest siste VM-runden i rallycross og finale i Supportklassen RXLites. Kevin Eriksson er alt meister, medan Kevin Hansen, Daniel Holten og Yigit Timur kjempar om dei to andre medaljane.  Andreas Bakkerud og Petter og Henning Solberg er godt med i SuperCar. Foto: Jan Kåre Rafoss/erc24.com

Første dag
World RX ChampionshipAndreas Bakkerud (bilde) på fjerde  og Petter Solberg på femte i SuperCar, og  Daniel Holten på andre  i RXLites, etter to omgangar under VM-runden i rallycross i Tyrkia. Timmy Hansen leiar SuperCar medan Sebastian Eriksson er på topp i RXLites. Foto: rallycrossRX

Andreas Bakkerud og Petter Solberg er godt i gong  i Tyrkia  med ein fjerde og femte plass etter to omgnagar. Henning Solberg er på niande plass.

Lars Øyvind Enerberg, som køyrer ein Citroen DS3 for Liam Doran sitt team,  blei utan tid i første omgang, men blei nummer tolv i andre omgang og er 15 etter to omgangar.

Daniel Holten ligg på tredje plass samanlagt i RXLites før finalen i Tyrkia, og etter to omgangar ligg han best an av dei som er med å kjempa om medaljane. Ygit Timur,  som ligg poenget bak Daniel i kampen om bronsen, på ein åttande plass i løpet så langt.
Kevin Hansen som har sølvplassen før finalen, har ikkje fått det heilt til. I første omgang blei han sist, medan han retta opp dett i andre der han blei nummer fire, men ligg likevel sist av dei 10 bilane som deltek.
Den andre  nordmannen i klassen Joachim Hvaal er nummer ni etter to omgangar.

Treninga før løpet
Daniel-Supercar Lites-Foto Jan Kåre RafossDaniel Holten var raskast på treninga i RXLites, medan Andreas Bakkerud var raskast av nordmennene på treninga i Supercar og kom på andreplass før den Tyrkiske VM-runden som starta i dag. Henning Solberg på fjerdetid. Timmy Hansen var raskast av alle i SuperCar. Foto: Jan Kåre Rafoss / erc24.com

Status før VM-runden i Tyrkia

SuperCar
Etter at Petter Solberg vart Verdensmester under den forrige runden i Italia, er det no kampen om sølv og bronse som står igjen. I første omgang står det mellom  Tomas Heikkinen som ligg på andre plass, og Reinis Nitis  og Timmy Hansen på tredje og fjerde. Med topp resultat i Tyrkia kan også Timur Timerzyanov og Andreas Bakkerud vere tilbake i kampen om medaljane.

Stillingen i Supercar før runden i Tyrkia
1. Petter Solberg (PSRX), 235 points
2. Topi Heikkinen (VW Marklund), 175 points
3. Reinis Nitiss (Ford Olsbergs MSE), 167 points
4. Timmy Hansen (Peugeot-Hansen), 152 points
5. Timur Timerzyanov (Peugeot-Hansen), 148 points
6. Andreas Bakkerud (Ford Olsbergs MSE),146 points

RXLItes

Stillingen i RXLites før finalen
1. Kevin Eriksson, 116
2. Kevin Hansen, 82
3. Daniel Holten, 76
4. Yigit Timur, 75
5. Richards Göransson, 73
6. Alexander Westlund, 71

EM-seriane  i Super 1600, Touringcar og SuperCar vart avslutta i Italia og for RXLites blir det finale under runden i Tyrkia.
Også her er det avgjort kven som vinn seriane sidan ingen kan ta igjen Kevin Hansen og hans poengsum på 116. Likevel blir det spenning rundt dei andre medaljane. Kevin Hansen og Daniel Holten kan ta sølv og bronse utan hjelp frå andre, men må sjå opp for Yigit Timur som køyrer på heimebane og nok er lysten på å vise seg fram

Stillingen i RXLites før finalen
1. Kevin Eriksson, 116
2. Kevin Hansen, 82
3. Daniel Holten, 76
4. Yigit Timur, 75
5. Richards Göransson, 73
6. Alexander Westlund, 71

Fleire resultat RXLites

Team-mesterskapet
Sjølv om det er avgjort kven som vinn VM-tittelen for førarar, er det framleis stor spenning kven som vinn Team-mesterskapet.
Det står mellom Ford Olsbergs med Reinis Nitis og Andreas Bakkerud i bilane, Volkswagen Marklund og førarane Anton Marklund og Toomas Heikinnen, og til slutt Team Peugeot Hansen med Timmy Hansen og Timur Timerzyanov bak ratta.  Mellom Olsbergs og Marklund er det heilt likt når to rundar gjenstår, medan det er 13 poeng ned til Hansen.

Samanlagt team når to rundar gjenstår
1. Ford Olsbergs MSE, 313 points
1. Volkswagen Marklund, 313 points
3. Team Peugeot-Hansen, 300 points
4. PSRX, 227 points
6. Albatec Racing, 32 points