Tonigraphs.com - Motorsport Photographs 2014

Ikkje nøgd med resultata

Daniel Holten er ikkje nøgd med dei to siste løpa i rallycross, Supercar i Stängnäs på torsdag og Supercar Lites i Finland i dag. Åsmund Holten hadde framgang på Strängnäs, men greidde ikkje finalen. Til helga køyrer begge under den svenske VM-runden i Høljes. Foto: ERC24.COM/Toni Ollikainen

– På Strängnes på torsdag låg eg på ein sikker andreplass i finalen i fleire rundar då girkassen gjekk i Ford Fiesta Supercar`n, og i dag blei det stopp alt i tredje sving semifinalen der eg gjekk i autovernet og bøygde eit styrestag og det blei vanskeleg å få til noko skikkeleg køyring etter det, seier Daniel Holten som sjølv om han er meir nøgd med det som skjedde i dei innleiande omgangane, no er litt lei av at det skal kludre seg til til slutt.
– Det blir litt slitande i lengden ikkje å få utteljing når mulighetene er så bra, men det er likevel ikkje noko å gjere med, og det er berre å sjå vidare mot neste løp, seier han, som alt til helga stiller i Höljes i den fjerde VM-runden i rallycross.

Så langt i år har han køyrt fire løp i Supercar og tre i Supercar Lites, og han  er klar på at det er Supercar`n han trivs best i.
– Bilane ser like ut men er ulike å køyre, og Supercar Lites køyringa er god trening, i tillegg til at eg får køyrt på banar som eg ikkje har køyrt på tidlegare, som her i Finland.
No ser han  fram til køyringa i Höljes til helga, og håpar at han igjen kan kjempe om dei beste tidene. Daniel har køyrt i Höljes fire gonger før,  to gongar i Super 1600 og to gonger i Supercar.
– Det er alltid kjekt å køyre i Høljes, og  eg har vunne heat der fleire gonger og det er berre heilt fantastisk å få til, seier Daniel, som vonar han igjen kan vere med å kjempe om gode tider.
– Både løpet på Lånke, der eg hadde ei sjette og sjuande tid som best, og løpet i Strängnäs på torsdag med tredje og fjerde tid, viser at eg kan vere med å kjempe om dei beste tidene, og det er berre å håpe på at eg får til det også i Höljes.

I Strängnäs på torsdag var det Åsmund Holten som køyrde Supercar Lites bilen som Daniel har køyrt med i dag, og han følte at han hadde framgang frå tidlegare.
– No har me fått til eit oppsett på bilen som passar meg betre, og Strängnäs kom også  resultata. Eg greidde å vinne eit heat og hadde ei tid som var under sekundet bak dei beste, og det er eit steg framover, seier Åsmund, som likevel heller ikkje denne gongen greidde å kome vidare til finalen.
– Låg lenge på tredje plass i semifinalen, men ei feil innbremsing og nesten snurr gjorde at eg kom ned på fjerde plass og dermed gjekk ikkje det.
Åsmund skal også kjøre under den svenske VM-runden i Høljes i Rallycross Lites.