Daniel-Supercar Lites-Foto Jan Kåre Rafoss

Ikkje heilt nøgd på Lydden

Daniel Holten følte ikkje han fekk farten heilt opp på Lydden Hill og nådde heller ikkje finalen.


Utgangspunktet for dei som køyrer i klassen RXLites er at bilane er heilt identiske, likevel var ikkje Daniel heilt nøgd med effekten i bilen sin denne helga.
– Køyringa gjekk greitt og eg meiner sjølv at eg ikkje gjer nokon feil eller anna som skulle ha betydning for farten, seier Daniel, som starta med ei femte tid, før det blei ei sjette, sjuande og åttande tid i dei fire omgangane. I semifinalen vart han nummer fire og måtte difor sjå finalen frå sidelinja.
– Ikkje heilt det målet som eg hadde sett meg. Men før semifinalen fann me ut at eg på grunn av ein feil ikkje hadde fått fult gasspådrag i dei innleiande omgangane, og mangla kanskje 7-8 prosent. Det kan ha betydd noko.

Etter to rundar i RXLites- serien ligg Daniel no på fjerde plass, men ser framleis muligheter til å nå pallen samanlagt i serien.
– Denne gongen var det også andre som gjorde det godt i Portugal, som ikkje fekk det til, så det kan nok gå litt opp og ned for dei fleste.
No blir det pause i RXLites -køyringa fram til neste runde i Finland i slutten av juni.

Men før det er det to løp i Supercar. Først alt no på torsdag. Andre runde i RallyX i Arvika, før det heile toppar seg 14.-15. juni då den norske VM-runden i rallycross går på Lånke. Der stiller Daniel saman med teamkompis i Olsbergs MSE Andreas Bakkerud,  som har tatt leiinga i Supercar – klassen etter to rundar.