Åsmund Holten-Foto holtenmedia

Køyrer Supercar Lites

Åsmund2 - Supercar Lites - Foto holtenmediaDet er no klart at Åsmund Holten (16) i år skal køyre Supercar Lites i den skandinaviske serien RallyX. I tillegg skal han køyre under VM-runden i rallycross i Høljes.
I sin andre sesong i rallycross blir det eit steg opp for Åsmund Holten i rallycross, og andre helga i mai stiller han på Ring Knutstorp i Sør-Sverige i Supercar Lites.
Supercar Lites er ein heilt ny klasse i Europa, som ein suksess i USA i fjor, der den vart køyrd som supportklasse i Global Rally Cross-serien, forklarar Åsmund Holten, og seier vidare at det heile starta i haust då han melde seg på eit introduksjonskurs for den nye klassen på Kinnekulle Ring i Sverige. Der fekk han òg testa bilen.
– Det er Andreas Eriksson og Olsbergs MSE som står bak dette og byggjer desse bilane. Kort fortalt er bilen bygt opp rundt ei røyrramme, med midtmontert 2.4 liters motor, firehjulstrekk og plast karosseri. Den liknar veldig på ein Ford Fiesta Supercar men er litt mindre, forklarar han.

Supercar Lites - Foto holtenmediaÅsmund køyrde i fjor ein Citroen Saxo i NM, og enda til slutt på ein fjerde plass i klassen. No ser han fram til køyringa i Sverige.
-Det blir spennande, og under testen eg gjorde i haust fann eg fort ut at det var annleis å køyre ein bil med firehjulstrekk enn framhjulstrekket eg var van med i Saxoen. Men eg skal køyre dei same løpa som bror min Daniel skal køyre i Supercar, han har erfaring med firehjulstrekk, så eg satsar på at han kan gi meg tips om køyringa. Det blir også ein test av bilen før løpa startar.

Det er også avtalen som Daniel Holten har gjort med Olsbergs MSE,  som no gjer at Åsmund kan setje seg bak rattet i ein Supercar Lites.
– Som sagt er det Olbergs MSE, som Daniel skal køyre for i år, som byggjer desse bilane. Dei kostar litt over ein million og blir selde til aktuelle førarar eller team som vil køyre. Bilen som eg skal bruke er Olsbergs MSE sin, og eg får køyre denne som ein del av den samarbeidsavtalen Daniel har med dei, og det er jo berre heilt fantastisk, seier Åsmund, som no berre gler seg til dei heile kjem i gong.

Også Høljes
Totalt er det fem løp i RallyX for Supercar Lites. I tillegg skal Åsmund køyre under VM-runden i rallycross i Høljes.
– Det blir spennande og ein bane eg kjenner litt til. Elles har eg ikkje vore på dei andre banane eg skal køyre på, men veit at det blir mykje asfalt noko som også vil bli nytt for meg i år.
Heime i Vikedal blir også Citroen Saxoen gjort klar til løp.
-Den har fått nyoverhalt motor og girkasse, og eg trur den vil vere litt betre enn i fjor. Planen er at skal få køyrt litt med den òg, kanskje eit par NM-rundar.

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *