Alexander Hvaal-6

Nordmenn i toppen

Alexander Hvaal ligg på andre i SuperCar før fjerde EM-runde.
Sjølv om både Sverre Isachsen, Frode Holte og Ludvig Hunsbedt er ute av SuperCar denne sesongen, er det likevel nordmenn med i toppen. Alexander Hvaal har to andreplassar og ligg på andre samanlagt, medan Mats Lysen kom på andre i den første runden på Lydden Hill. I Østerrike blei han utan poeng.
-Blei diska i første omgang på grunn av for høg bakspoiler. I andre omgang fekk eg ei andre tid, medan eg i tredje var innblanda i ein smell med med så store skader at eg måtte bryte, seier Mats Lysen på si heimeside.
Mats Lysen ligg no på niande plass samanlagt, med Guttorm Lindefjell på plassen føre.

I Super 1600 er Andreas Bakkerud på topp etter to andreplassar og siger under runden i Frankrike. Klubbkompis i Set Promotion Teamet Jussi-Petteri Leppihalme ligg på andre,  fire poeng bak Bakkerud og dansken Ulrik Linnemann på tredje.

I TouringCar har ikkje nordmennene så langt greidd å hevde seg heilt i toppen og Tom Daniel Tånevik er beste nordmann på ein femte plass.

Til helga er det klart for fjerde runde i Ungarn som går lørdag og søndag.

Samanlagtresultat etter tre rundar
EM i rallycross 2012
Norwegian Rallycross Team

 

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *