Loeb-Argentina

Viktig å kome til mål

Det er Citroen med Sebastian Loeb og Mikko Hirvonen som er i toppen i Rally Argentina. No er det viktig å kome til mål. Foto: Citroen
Etter to dagars køyring er det 7,2 sekund mellom dei to i Loeb sin favør. Daniel Sordo på tredje er 1.46 bak.
-Eg køyrde hardt i dag tidleg, men Mikko slo tilbake, var Sebastian Loeb sin kommentar då han kom inn til første service lørdag. Han hadde også hatt sine tilbud.
-Me gjekk nesten av på SS9. Ein stein som eg ikkje hadde lagt merke til på gjennomkøyringa, løfta bilen då me var på veg gjennom ein sving. Hadde det ikkje vore for ein stor stein ved sida av vegen hadde me nok gått av, seier han.
Mikko Hirvonen likar seg i Argentina.
-Eg såg verkeleg fram til Intiyaco/Golpe de Agua etappa, som etter mi meining er den beste etappa i Rally Argentina, og kanskje i heile meisterskapen, seier Hirvonen.
No er team sjef Yves Matton mest opptatt av at dei begge skal halde posisjonane sin og kome til mål.
-Dette vil vere bra for begge i meisterskapen, men kanskje litt hardt for Mikko etter det som skjedde i Portugal, seier Matton, som likevel trur Hirvonen vil vere tilbake på toppen igjen om ikkje alt for lenge.

Meir informasjon om Rally Argentina:
Rally Argentina

Oppdaterte tider
Oversikt etappar / tidsplan
World Rally Radio

 

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *