Mindre køyring
Trykk bildet for stor utgave.
På grunn av ny jobb trur NMK Vikedal-føraren Lars Reidar Frøyland det blir litt mindre tid til rallycross i år.-Har fått meg ny jobb i Statoil på Kårstø der det blir både skift- og helgearbeid, noko som nok vil føre til at eg må stå over nokre løp eg kunne tenkt meg å få kjørt, seier Lars Reidar, som likevel har tenkt å få med seg dei løpa som passar.
-Eg skal køyre, det er sikkert. Kjem i første omgang til å prioritere løpa her på Vestlandet, men satsar også på å få med meg fleire løp, mestermøter og liknande.
Arbeidet med å gjere bilen klar er i full gang , og den får i desse dagar ny girkasse.
- I utgangspunktet hadde eg tenkt å gjere meir med bilen før denne sesongen, men på grunn av at det er litt usikkert når det gjeld det tekniske regelementet for rallycross nasjonal i 2013, vel eg å vente med dei store oppgraderingane.