Østberg nummer tre
Trykk bildet for stor utgave.
Mads Østberg blei nummer tre i Rally Sverige bak Jari-Matti Latvala og Mikko Hirvonen.
Mads Østberg vann to av dei fire siste etappane søndag, medan Petter Solberg, som han kjempa mot om den siste pallplassen, tapte tid. Til slutt var Mads Østberg 35,5 sekund føre Petter Solberg, og 38,8 sekund bak vinnaren Jari-Matti Latvala.
- Det har vore målet gjennom heile helga å bli nummer tre, og eg er strålende fornøyd etter at det har vore eit hardt press for å greie det. Dei to finnane var det ingenting å gjere noko med, eg får heller prøve å vinne til neste år. Tredje plassen i år like bra som andreplassen i fjor, sa Mads Østberg til World Rally Radio etter målgang.
Eivind Brynhildsen kom i mål til ein tiande plass i sitt aller første løp i ein WRC bil, og han takka Adapta World Rally Team for at han fekk denne muligheten til å køyre deira Ford Fiesta WRC.
- Dette har berre vore heilt fantastisk og eg håpar at eg snart får ein ny mulighet i ein slik bil, sa han til World Rally Radio etter målgang.
Dermed var det heile fire nordmenn inne blant dei 10. beste i Rally Sverige , Henning Solberg blei nummer sju bak Sebastian Loeb.
