31. januar2012

Tar første spadestikket

av Sivert Ole
Trykk bildet for stor utgave.

I morgon tar ordførar i Egersund kommune Leif Erik Egaas det første spadestikket på det nye baneanlegget til NMK Egersund.
Klokka 12.00 i morgon torsdag 1. februar set ordførar Leif Erik Egaas spaden i jorda, og når alt er ferdig vil bli eit anlegg med banar  for bilcross, rallycross, drifting og biltrail, i tillegg til banar for dei minste i knattecross og trail.
- Også tidlegare ordførar Terje Jørgensen vil vere til stades, det var han saman med oss i klubben som var med å starta prosessen, seier leiar i NMK Egersund Ove Skårland, og legg til at president i Norsk Motor Klubb Odd Byberg vil vere til stades saman med representantar for Norges Bilsportforbund, entreprenøren T. Hole Maskin og bankforbindelsen SR-Bank.
- Også alle andre er velkomne til å vere med, og dei som møter opp skal få kaffi og kake, seier Skårland, som er glad dei no er i gong med byggjearbeidet.

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>