29. januar2012

Satsar på Global Rallycross

av Sivert Ole
Trykk bildet for stor utgave.

Per Eklund og Andy Scott dannar team for Global Rallycross.
Det er erc24.com som skriv dette, og planen er at dei skal delta i verdsserien med to Saab 93 SuperCars. Per Eklund skal stå for drifta av bilane, medan Andy Scott skal vere sjåfør på den ein bilen i tillegg til at han skal arbeide med finansiering av teamet skriv SaabWorld.  Briten Andy Scott køyrde i 2011 ein Ford Focus i SuperCar og blei nummer 11 totalt, og var på pallen i Nederland saman med Sverre Isachsen og Ludvig Hunsbedt.

Kven som skal køyre den andre bilen er ikkje bestemt. Den unge finnen Toomas Heikkinen, som fram til no har køyrt for Per Eklund i Saab, er aktuell, i tillegg til at det skal vere ei stor interesse for dette blant fleire europeiske og amerikanske førarar.

 

 

 

 

 

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>