25. januar2012

Siktar mot SuperCar

av Sivert Ole
Trykk bildet for stor utgave.

Anton Marklund har planane klare for køyring i Supercar i 2013.
Det er erc24.com som skriv dette. Det 19 årige svensken  Anton Marklund kom inn i rallycross EM i fjor, og enda på ein åttande plass TouringCar etter at han berre fekk køyrt fem av EM-rundane. På heimebane i Høljes kom han på pallen i klassen, til tredje plass.
I år skal Marklund halde fram i sin Ford Fiesta og køyre full EM-serie for Marklund Motorsport, som førebuing til det som skal skje i 2013. Kva bilmerke det blir i SuperCar er ikkje bestemt.
-Det som er bestemt er at det er Ingvar Gunnarson som skal byggje og drifte SuperCar-bilen, seier han til erc24.com.

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>