21. januar2012

Blei nummer åtte

av Sivert Ole
Trykk bildet for stor utgave.

Daniel Holten hadde ei ny grei gjennomkjøring i rally og blei nummer åtte i C-klassen. Foto: Benjamin A. Ward
Daniel Holten og kartlesar Sveinung Holten Leifsen kom seg greitt gjennom rallyet i Torsby, og enda til slutt på ein åttande plass blant dei 21 C-førarane i klassen Volvo Original.
-Samarbeidet med Sveinung fungerte betre og betre utover i dagen. og sjølv om det me kunne gått ut av vegen eit par plassar, kom me oss greitt inn igjen og vidare, seier Daniel. Litt problem var det likevel.
-På dei lengste strekka blei motoren for varm og me måtte slå av på tempoet.
Etter Mountain Rally sist helg og Finnskogvalsen i dag føler Daniel at han saman med kartlesar Sveinung har kome vidare i rallysporten.
-Spesielt i dag då me hadde meir kunnskap då me starta, samla me med oss mykje nyttig erfaring, og når me i tillegg kjem i mål med heil bil er det berre moro.

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>